Hopp til innhold

– Mange elevar kan miste stipendet sitt

Regjeringa vil endre vilkåra for å få bortebuarstipend. – Dette vil gå ut over mange elevar i fylket, seie Hanne Hjartholm, leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane.

Hanne Hjartholm

STIPENDKUTT: Hanne Hjartholm, leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, er ikkje nøgd med forslaget frå regjeringa om å flytte grensa for å få bortebuarstipend.

Foto: Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane

– Mellom 250 og 400 elevar i fylket vil miste stipendet sitt, seier Hanne Hjartholm.

Ho er leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, og er sterkt i mot det nye forslaget frå regjeringa.

I statsbudsjettet for 2018 blir det føreslege å flytte grensa for å få bortebuarstipend. Tidlegare har elevar som bur over 40 kilometer frå skulen fått stipendet, no vil regjeringa flytte denne grensa til 60 kilometer.

– Vil drepe «heiltidseleven»

Hjartholm meiner at med geografien i Sogn og Fjordane og det eksisterande kollektivtilbodet, vil det få store konsekvensar for elevane som mister bortebuarstipendet.

– Det blir vanskelegare å delta på kveldsaktivitetar og henge med vennar etter skulen. Det blir rett og slett berre reise for dei som ikkje får stipend til å bu på hybel.

Ho trur at mange som mister stipendet, no må jobbe for å få råd til å bu på hybel.

– Det vil drepe heiltidseleven. Ein må skaffe seg ekstrajobb utanom skulen for å få råd til å ta utdanninga si, meiner Hjartholm.