Hopp til innhold

– Mæland prøver å dekkje over rotet

Navarsete meiner byrådsleiaren i Bergen ropar høgt for å prøve å dekkje over sine eigne feil.

Liv Signe Navarsete

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Monica Mæland lagar mykje støy no for å dekkje over det faktum at ho ikkje har orden i eige hus. Ho må stå opp for dette, seier kommunal- og regionalminister, Liv Signe Navarsete.

Les òg: Bergensbudsjettet er ulovlig

Les òg: Vurderer å saksøke regjeringen

– Pinleg for Mæland

Torsdag kveld vart det kjent at Kommunaldepartementet seier seg samde med Fylkesmannen i at Bergen sitt budsjett for 2011 er ulovleg.

Byrådsleiar Monica Mæland (H) meiner saka er hastehandsama for å rekke valdagen, og at avgjerda ber tydeleg preg av å vere politisk. Dette avviser Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Monica Mæland

Byrådsleiar Monica Mæland vurderer rettslege skritt mot regjeringa.

Foto: NRK

– Det er heilt urimeleg at me skulle drive politikk på ei slik sak. Det hadde vore veldig pussig om eg skulle be departementet halde på denne saka fordi det er val på måndag, seier Navarsete.

Ho meiner Mæland prøver å dekkje over sine eigne feil.

– Eg skjønnar jo at det er pinleg for Monica Mæland og for Høgre i Bergen at dei ikkje har orden i økonomien sin, og at dei ikkje klarer å fylgje dei lovene og reglane som finst og som alle andre kommunar må forholde seg til.

Mæland meiner departementet og Navarsete burde ha venta med å sende ut avgjerda ettersom kommunen ville leggje fram ny dokumentasjon i saka.

– Eg registrerer at departementet og Navarsete hadde behov for å oversende ei avgjerd i går ettermiddag, drøyt hundre timar før vallokala opnar, trass i at me hadde bedd om at saka vert lagt fram for lovavdelinga og trass i at me hadde sendt over ny dokumentasjon frå ein fagleg ekspert på området.

– Me må tolke det slik at det var viktigare for departementet å få sendt over ei avgjerd, enn å gjere ei grundig vurdering i saka, seier Mæland.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Ulovlig budsjett

Slik kommenterte Monica Mæland og Harald Schelderup avgjersla frå deparmentetet torsdag kveld.

– Bergen rotar med reglane

Navarsete meiner Byrådet har rota med reglane.

– Eg registrerar òg at ein blandar saman reglane som vart endra i 2001 der det vart opna for at inntekter frå aksjesal kunne førast til i drifta. Tilsvarande unntak er ikkje gjort for utbytte.

Kommunalministeren meiner saka handlar om tolking av eit lovverk som er relativt enkelt å forstå.

– Bakgrunnen er at norske kommunar ikkje skal bruke eingongsinntekter i drifta. Dei har som oppgåve å syte for gode og stabile velferdstenester. Dei kan ikkje drive ei jojo-verksemd med kommunale tenester og satsa stort eitt eller to år og kutte set neste.

– Har berre fylkesmannen på laget

– Alle ekspertar me har snakka med støttar vår handtering av saka, både advokatar og jusprofessorar. Den einaste som støttar Navarsete er fylkesmannen i Hordaland, seier Mæland.

Byrådet vil likevel ta avgjerda til Navarsete og departementet til etteretning.

– Me har skal forholde oss til vedtaket sjølv om me og alle me snakkar med er heilt ueinige i den vurderinga.

– Kan gå til sak mot staten

Advokat Hugo Matre og advokatfirmaet Schjødt har på oppdrag frå Bergen kommune gått gjennom fylkesmannen si vurdering. Matre er sterkt kritisk til både saksbehandlinga og innhaldet i avgjersla.

– Kommunen har høve til å gå til søksmål mot staten, men det er ikkje vanleg, seier Matre.

Han meiner Fylkesmannen ikkje har gjort alle vurderingar dei meiner er nødvendige, at Fylkesmannen sviktar når det kjem til selskapsrettsleg forståing, og at saksbehandlinga er ufullstendig.

– Dette gir usikkerheit og viss kommunen ønskjer ei klarare avklaring kan dei gå til søksmål mot staten, forklarer Hugo Matre.