Hopp til innhold

Fleire fulle vassmagasin, men det får ikkje noko å seie for straumprisane

Det skal mykje til for at kraftprisane går ned, meiner kraftanalytikar. Samstundes trugar «rasjoneringsspøkelset».

Øyreelva i Høyanger

RENN OVER: I Høyanger er vassmagasinet så fullt at noko av vatnet blir tappa ut i Øyraelva, som renn friskt nedover fjellsida i industribygda Høyanger.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Regnet har hølja ned denne sommaren på Vestlandet. Sjølv om det er til stor irritasjon for mange, er det godt nytt for fleire av vassmagasina vestanfjells.

I Høyanger renn vatnet nærast over i Bergsvatnet – til stor glede for Hans Bolme, vedlikehaldsleiar i Statkraft, som har fleire kraftverk i området.

Bergsvatnet, Høyanger

Vasstanden i Bergsvatnet i Høyanger er akkurat slik Statkraft likar den- full.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Men ikkje alt vatnet renn over i turbinane. Om lag 10 kubikk blir luka vidare til Øyraelva som renn friskt nedover fjellsidene i industribygda.

– Vi skulle gjerne sendt alt vatnet i turbinen. Då hadde vi smilt godt, seier Bolme.

– Våtast hausten nokosinne for at det skal hjelpe

Dei rekordhøge straumprisane har tynt lommebøkene til mange nordmenn den siste tida. I lys av at mange vasskraftverk har lite vatn i magasina sine, gjer det til at fleire fryktar at Noreg må til med rasjonering.

Vasskraftverket i Høyanger skil seg med det noko ut.

 Hans Bolme, vedlikehaldsleiar i Statkraft.

GODE TIDER: Hans Bolme, vedlikehaldsleiar i Statkraft synest det er heilt greitt at det har vore ein våt sommar- det viser nemleg att på fulle vassmagasin i Høyanger. Men han skulle gjerne sett at regnet blei litt betre fordelt i landet.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Men kan vassmagasina som er ganske så fulle vere med å presse prisane på straumen nedover?

Neppe. I så fall må det skikkeleg kraftkost til frå vêrgudane si side, ifølge energianalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue.

– Vi må nok ha ein av dei våtaste haustane i historia før vi kan sjå normale fyllingar, og det vil nok kunne senke prisane noko.

Analytikaren legg til:

– Men ikkje til det nivået i nord, der det er fare for at magasina renn over etter snøsmelting. Derfor er det nesten null verdi på produksjonen no.

Sjølv om det må store mengder regn til for å gjere noko med straumprisane, så er det hjelp i kvar drope, legg Lilleholt til.

Onsdag kom ferske tal frå NVE som syner fyllingsgrada i vassmagasina. Det er no på 64 prosent, ein liten oppgang frå veka før. Vanlegvis ligg talet på over 72 prosent.

– Tala er som forventa, seier Sigbjørn Seland, kraftanalytikar i Storm Geo, som ikkje trur dei vil påverke straumprisen merkbart.

Men tala sprikar stort. Fyllingsgraden i Midt-Noreg, prisområde 3, er dobbelt så høg som Sørvest-Noreg og prisområde 2. Sistnemnde ligg nede på 48,3 prosent.

Sannsynet for rasjonering kan auke raskt

Kor våt hausten blir og kor mykje straum som blir produsert gjennom vinteren, vil styre kva retning «rasjoneringsspøkelse» tek, forklarar kraftanalytikaren.

Rasjonering har nemleg blitt nemnt som eit verkemiddel for å få nok straum utover året.

Lilleholt minner om at rasjonering berre vil vere aktuelt på våren når vi risikerer å gå tomme for vatn og leveringstryggleiken blir truga. På vinterstid vil ein som regel ha nok vatn.

Uansett blir prisen høg, som eit verkemiddel for å unngå rasjonering.

Dei ferske NVE-tala aukar ikkje sannsynet for rasjonering, meiner Seland i Storm Geo. Vi har nemleg hatt tøffe tider tidlegare, utan at det blei aktuelt. Det som gjer situasjonen spesiell no, er dei ekstreme naturgassprisane i Europa, forklarar han.

EU presenterte onsdag beredskapsplanar for rasjonering av naturgass. Dersom eksporten av naturgass frå Russland fell kraftig eller blir heilt vekke, kan det i ytste konsekvens føre til at Tyskland og Nederland stenger kraftkablane til Sørvestlandet, seier Seland.

– Dersom det også blir ein kald og tørr haust og vinter på Sørvestlandet, aukar sannsynet for rasjonering raskt, seier Seland – utan å ville spekulere i kor sannsynleg dette er.

Tore Guldbrandsøy i Rystad Energi seier at dei høge gassprisane vil halde fram og presse prisane på straum oppover i prisområde 2.