Hopp til innhold

– Lokalpolitikarar er blitt fritt vilt

Personangrep og ufine karakteristikkar av lokalpolitikarar er ikkje lenger uvanleg. Det kan skremme folk vekk frå politikken.

Clara Øberg

SKJERPE SEG: – Eg trur vi må ha ei haldningsendring, vaksne må gå i seg sjølve. Det er ikkje ungdomen som er det største problemet, seier Clara Øberg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Mykje av respekten for lokalpolitikaren er vekke. I dag er politikarar i lokalsamfunnet nærast fritt vilt, seier Clara Øberg.

Som mangeårig politikar og no leiar av nominasjonsnemnda for Arbeidarpartiet i det nye Vestland har ho tett kontakt med det politiske miljøet.

– Eg har ofte høyrd at «Eg kvir meg på å gå i sentrum på laurdagar, for eg får ikkje fred.».

Fleire politisk betente saker har den siste tida utløyst debattar med både personangrep og usaklege påstandar om lokalpolitikarar som har teke eit standpunkt. Øberg er uroa for kven som framover vil orke å engasjere seg.

– Å rekruttere til lokalpolitikken er eit problem, og vil bli eit større problem i framtida.

Debattkulturen

Gjennom sitt arbeid med opplæring av folkevalde møter Dag-Henrik Sandbakken i KS mange politikarar. Han stadfestar den negative utviklinga.

– Det er mange folkevalde som opplever personangrep. Det kan vere ganske krevjande å handtere.

– Påverkar dette motivasjonen til å delta i politikken?

– Det gjer heilt klart det.

Kommunereformvedtak i Vik

GJEV RÅD: – Vi rår politikarane til å snakke med andre om det, og at ein ikkje treng å lese alt som står i kommentarfeltet og i sosiale medium, seier fagsjef Dag-Henrik Sandbakken i KS. Her frå kommunestyre i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Sosiale medium gjer at det er lett å ytre seg, det er lett å ytre seg kritisk og det er lett å gå til personangrep. Sosiale medium har gjort at det er meir krevjande å handtere for dei som står i det.

Uroleg

Over 10 år er gått sidan Øberg sjølv vart utsett for sjikane og trakassering. Den gong på e-post.

Oslo sin miljøbyråd Lan Marie Berg (MDG) har fått mykje grov hets og sjikane. I fjor vedgjekk Berg at ho truleg ikkje hadde våga å bli heiltidspolitikar om ho visste kor mykje hets ho kom til å få i sosiale medium.

– Eg synest dette er eit trugsmål mot demokratiet, seier Øberg.

Ho meiner ein del politikarkar brukar ord og uttrykk som ikkje høyrer heime i den politiske debatten.

– Fordi ein skal skaffe seg billege politiske poeng er ein villige til å bruke ord og uttrykk som slår an der og da, men som òg slår ned andre. Det er ikkje greitt, seier Øberg.

Debatt og debattkultur er blitt ein viktig del av folkevaldopplæringa til KS. Målet er at politikarane kan gå føre og skape ein god debattkultur.

– Det handlar om folkeskikk, om korleis ein omtalar kvarandre og politikken, at ein held seg til saka og ikkje går til personangrep, samanfattar Sandbakken.