Hopp til innhold

– Lad opp mobilen og ha ved i huset

Energiverka fryktar at mange kan bli straumlause som ein følgje av ekstremvêret «Urd» og ber no folk om å lade mobiltelefonar og sørge for å ha nok ved i hus.

Ledning tatt av tre i Åfjord i Sør-Trøndelag

FRYKTAR DETTE: Dersom du ser skadar som dette frå Åfjord i Sør-Trøndelag, må du halde deg langt unna, melder energiselskapa.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Vi følgjer situasjonen nøye. Vi har dobla vaktstyrkane i alle områda våre og så har vi alt tilgjengeleg mannskap klare dersom det skulle oppstå behov. Det gjeld både montørar og administrativt støttepersonell, seier kommunikasjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Kai Petter Sårheim til NRK.

Alle dei store energiselskapa på Vestlandet er no i full beredskap og kjem med klare tips til dei som kan bli råka av straumbrot når uvêret slår til for fullt.

Ber folk lade mobilane

– Ha ved i huset, lommelykt klar og lad opp mobilen før uvêret slår til for fullt. Viss straumen skulle gå er det om å gjere å ta vare på varmen i eit rom: Hald dørene igjen og lukk ventilar, oppmodar kommunikasjonsrådgivar i BKK, Jarle Hodne.

På det meste var 2000 kundar straumlause tidleg 2. juledag. BKK arbeider framleis med å reparere dei siste feila. Dei har kalla inn ekstra mannskap og førebudd seg på at «Urd» skal slå til for fullt. I føremiddag var framleis om lag 200 kundar utan straum.

Det same gjeld for Lyse i Rogaland, som har vore i beredskap sidan vêrvarselet blei oppgradert til ekstremvêr.

– Vi forventar pågang, og har difor kalla inn ekstra mannskap og har folk i beredskap på kort responstid, seier kommunikasjonssjef Ingvild Ween i Lyse.

– Meld frå om skadar

Energiselskap oppmodar folk på det sterkaste om å halde seg på god avstand dersom dei oppdagar straumkablar som har falt ned, eller til dømes tre som har falt ned på straumlinjene.

– Det er rett og slett livsfarleg å komme for nær, då er det viktig at dei tek kontakt med sitt nettselskap og får varsla om feil, seie Sårheim.

Energiselskapa ber dei som er mest avhengige av straum, til dømes mjølkebønder, om å sikre seg så best dei kan og førebu seg på at straumen kan bli vekke i kortare eller lenger periodar.

– Det kan hende folk må smørje seg med tolmod. Dersom vi får dei ekstreme vindstyrkane så er det rett og slett ikkje forsvarleg å setje i gang arbeid når det ruskar på som verst. Då må vi rett og slett vente på betre vêr for å få retta feil.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har også delt sine råd til førebuingar på at straumen skal bli borte under «Urd».