Hopp til innhold

– Kvinna vart halshogd og ofra til gudene

Hovudskallen som vart funne i Bergen denne veka kan stamme frå ei forhistorisk ofring i jernalderen, meiner arkeologar.

Hovudskallen som vart funne i Bergen denne veka kan stamme frå ei forhistorisk ofring i jernalderen, meiner arkeologar.

Det var onsdag denne veka at to turgåarar gjorde eit makabert funn ved Kyrkjetangen på Bønes sør for Bergen sentrum. Ein hovudskalle stakk opp frå jorda og politiet vart raskt tilkalla.

Spekulasjonane byrja. Fleire personar er sakna i Bergen dei siste åra. Tilbake i 2007 gjorde politiet også søk på samme området etter den sakna kvinna Dung Tran Larsen. Forsvinningssaka er ein av dei mest omtalte i Noreg dei ti siste åra.

Gamal hovudskalle

Hodeskalle

Politiet sperra av funnstaden til dei fekk svar frå rettsmedisinarane på Gades institutt.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Hovudskallen vart sendt til Gades institutt for undersøking. Kunne politiet i Bergen no stå ovanfor eit sensasjonelt funn i ei av forsvinningssakene sine?

Svaret kom fort og svaret var nei. Hovudskallen høyrde til ei kvinne som truleg levde i mellomalderen, meinte ekspertane.

Fredag var ein delegasjon frå Riksantikvaren, fylkeskonservatoren og Universitetsmuseet på Bønes for å undersøka området kraniet vart funne i.

Dei har ein ny teori om kva som skjedde med kvinna.

Ingen begravelse

Arkeologane meiner nemleg at hovudskallen kan stamme frå så langt tilbake som jernalderen i Noreg, som starta kring 500 år f.kr.

– Det er berre grave opp eit kranium og det er ikkje teikn til andre kroppsdelar. Det kan til dømes tyde på ei halshogging, forklarar seksjonssjef Asle Broen Olsen ved Forminneseksjonen ved UiB.

Hodeskalle på Kyrkjetangen

Det blir for tida flytta på jord ved Kyrkjetangen på Bønes i Bergen, for å forbetre matjorda. Onsdag oppdaga to turgåarar ein hovudskalle liggande på området.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Det er eit stort område som for tida blir grave opp ved Bønes Gård for å forbetre matjorda. Det er mykje fuktig myrjord i området, og arkeologane tek det som eit teikn på at hovudskallen ikkje ligg i jorda på grunn av ein begravelse.

Ofra til gudane

Dei meiner hovudskallen stammar frå ei kvinne i 30-åra, som kan ha vore utvald i ei forhistorisk ofring.

– Teorien er at ein person er blitt avretta og deretter seinka ned i eit tjern. Der har liket låge på botn og blitt bevart av muddermassene, seier Olsen.

– Kvifor ofra ein menneske på den måten?

– Det var neppe ein del av rettsleg praksis. Det er meir ein religiøs praksis, der den som vart ofra ikkje hadde gjort noko gale, men var vald ut til å bli ofra til gudane, til dømes for å blidgjere dei, seier Olsen som presiserer at alle moglegheiter framleis er opne.

Radiologiske undersøkingar skal no tidfeste hovudskallen så nøyaktig som mogleg. Då kan arkeologane kanskje få enno fleire svar på kva som skjedde med den fleire tusen år gamle hovudskallen.