Hopp til innhold

– Køprising vil nesten ikkje redusera trafikken

Høgre sine fylkespolitikarar går til frontalangrep på partifellane i byrådet i Bergen.

Danmarksplass

STEMTE IMOT KØPRISING: I går gjekk fylkespolitikarane til Høgre til frontalangrep på sine eigne i bypolitikken.

Høgre sin samferdsletalsmann i fylkespolitikken er ikkje nådig mot køprisingsforslaget Høgre sine byrådar i Bergen la fram i slutten av januar.

– Slik saka er blitt presentert for oss, så ser vi nesten ikkje trafikkreduserande effekt. Når vi har eit partiprogram som heilt klart seier at vi skal si nei til dette, så stemmer vi imot, seier Stein Inge Ryssdal.

Samferdslepolitikarane til Høgre

SEIER NEÌ: Fylkespolitikarane til Høgre, her representert med Eli Berland, Einar Lutro og Stein Inge Ryssdal går i mot byrådsleiaren i Bergen sitt forslag til køprising i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det står i skarp kontrast til det byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen og byutviklingsbyråd Henning Warloe sa då dei presenterte forslaget om at det skal kosta 45 kroner per bompassering i morgon- og ettermiddagsrushet.

– Som byrådsleiar så er eg veldig nøgd med forslaget vi kjem med, sa Smith-Sivertsen.

– Vi trur at vi får ein trafikkreduksjon i tidene på døgeret når det er kø. Vi trur mykje av køane då forsvinn, sa Warloe.

Skuffa over fylkespolitikarane

I går gjekk fylkespolitikarane til Høgre til frontalangrep på sine eigne i bypolitikken, då dei stemte imot køprisinga.

Bompengepakka Bergensprogrammet er eit samarbeid mellom Bergen og fylkeskommunen. Difor trengst det vedtak om køprising både i bystyret og på fylkestinget.

NRK snakka i går med fleire av Høgre sine bystyrerepresentantar i Bergen. Der er reaksjonane sterke. Gruppeleiar Dag Skansen seier han er skuffa over at fylkestingsgruppa går til angrep på forslaget til bypolitikarane.

– Dei har gjort arbeidet vanskeleg for oss

Gruppeleiar for fylkestingsgruppa, Mona Røsvik Strømme, seier Høgre no vil snakka med bypolitikarane. Men ho meiner partiprogrammet bind fylkespolitikarane.

Mona Røsvik Strømme

MÅ ETTERLEVA PROGRAMMET: Gruppeleiar for fylkestingsgruppa, Mona Røsvik Strømme meiner ein må etterleva programmet om å innføra køprising.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Vi blei jo innvalde på dette programmet til fylkestinget, og er nøydde til å etterleva det.

Stein Inge Ryssdal meiner byrådet i Bergen har seg sjølv å takka.

– Det er ikkje vi som skal lette arbeidet for dei. Ein kan like godt snu på det og si at dei har gjort arbeidet vanskeleg for oss, seier samferdslepolitikaren.

– Eit spel for galleriet

Men uansett kva Høgre skulle meina, ligg det an til fleirtal på fylkestinget i mars.

Opposisjonen skuldar Høgre sine fylkespolitikarar for å driva eit spel i spørsmålet om køprising.

– Høgre veit jo veldig godt at opposisjonen reddar denne saka, og oppfattar dette som eit spel for galleriet, seier Sveinung Valle (Ap).

– Eg opplever eigentleg Høgre som eit styringsdyktig parti. No må dei bestemma seg for kva dei står for, seier Pål Kårbø (KrF).