Hopp til innhold

– Kommunane må sørgje for å følgje lova

I løpet av eit halvt år har Fylkeslegen fått seks saker på bordet der det syner seg at helsepersonell ikkje har hatt godkjenning i tråd med regelverket.

Per Stensland

UROA: Fylkeslege Per Stensland ber kommunane om å gjere grundigare sjekkar for å sikre at helsepersonell som dei tilset har papira i orden.

Foto: Arne Stubhaug

– Du må sørgje for å ha norsk autorisasjon for å kunne praktisere som helsepersonell. No minner vi kommunar, helseføretak og helsepersonell om å sørgje for at dei følgjer lova, seier fylkeslege Per Stensland.

I eit brev til alle kommunane i fylket uttrykkjer han uro for at dei siste tida har hatt fleire saker der papira ikkje har vore i orden.

– Det har vore seks saker det siste halvåret. Då byrjar det å bli tydeleg at det er mange som ikkje har eit bevisst forhold til det, seier fylkeslegen.

Ikkje første gong

I 2014 fekk kommunane også refs frå Fylkeslegen og pasientombodet, for å ikkje vere flinke nok til å sjekke referansar og kvalifikasjonar for vikarlegar som vart tilsette. Bakgrunnen for uroa den gong var at det ved fleire tilfelle vart avdekka at vikarlegar ved Nordfjord legevakt hadde vore rusa på jobb eller var ukvalifiserte til å arbeide som legar.

Sakene som har hamna på fylkeslegen sitt kontor til no i år har ikkje fått konsekvensar for pasientar etter det Stensland veit. Han understrekar likevel at alle papir må vere i orden.

– Dette er viktig. Det trengst eit trena auge for å gå gjennom papira, for det er krevjande å ta stilling til om til dømes ei utanlandsk utdanning tilfredsstiller krava. Eit sikkert og vasstett system for dette er heilt nødvendig, seier han.

Har innført gode rutinar

I Helse Førde meiner personalsjefen at dei har fått på plass gode system for å sikre at alle som blir tilsette hjå dei har alle papir i orden.

– I rekrutteringsprosessar må ein sjekke opp mot autorisasjonskontoret at den tilsette har autorisasjon. Og skulle det skje ein glipp der, så kjem det ein gong i veka melding til leiaren om at noko ikkje stemmer og må ordnast med ein gong, seier personaldirektør Arne Skjelten.

Fylkeslegen er på si side klar på at både arbeidsgjevar og arbeidstakar har ansvar for å sørgje for at alt er som det skal.

– Helsepersonellet skal søkje autorisasjon. Men som tilbydar av helsetenester så har ein også eit ansvar for at tenestene ein leverer er forsvarlege, og då må ein sjå til at dei du tilset har norsk autorisasjon.