Hopp til innhold

Kraftig vind venta i fjellområda utover ettermiddagen

– Skal du over fjellet, så er det best å komme seg av garde no.

Video frå Dyranut på riksveg 7 Hardangervidda

SJÅ VIDEO: Hardangervidda er no stengd for personbilar. Videoen er frå Dyranaut i Eidfjord kommune. (FOTO: NINA HOVE)

Oppmodinga kjem frå statsmeteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Vinden vi har no vil minke, men frå seint i ettermiddag vil den ta seg opp att til søraust liten storm i fjellet, seier Skare.

Fjellet får mest vind

Hola bom på Vikafjellet

STENGT: Vikafjellet er stengt måndag morgon.

Foto: Webkamera / Statens Vegvesen

Det var stor påskeutfart 1. påskedag, men truleg bestemte mange seg for å nyte den siste høgtidsdagen vekke frå heimen. Men med vinden som er i vente, kan det bli problem for fjellovergangane.

Søndag var det fleire stengde fjellovergangar og ferjesamband i Sør-Norge. Stengingar og kolonnekøyring kan det også bli i dag. Vinden er venta å ta seg opp frå etter klokka 15.

– I går var det sørleg vind, slik at det var kystområda som fekk det meste av vinden. I dag blir det fjell- og fjordområda som får mest vind, seier Skare.

Obs-varsel

Leiro bom på riksveg 7 over Hardangervidda

KOLONNE: Det er måndag morgon kolonnekøyring over Hardangervidda. Her kan det bli stengt på kort varsel.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Vêrvarslinga har tidlegare åtvara mot lokalt vanskelege køyreforhold i Sør-Norge. Sjølv om det ikkje blir mykje nedbør måndag, kan vinden føre til vanskelege køyreforhold.

Vaktoperatør Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen i Bergen fortel at trafikken så langt flyt fint, men er budd på at den vil ta seg kraftig opp utover dagen.

Stod i kø inne i tunnel

Gårsdagen vart utfordrande på mange måtar. Med Hardangervidda stengd grunna uvêr, valde mange å køyre E16 gjennom Sogn og Fjordane og Aurland. Her tolte ikkje tunnelane den store trafikkmengda og etterfølgjande gassoppsamlinga.

Lange køar mellom tunnelane i Aurland

LANG KØ: Det var kaotiske tilstandar i Aurland søndag då høge gassverdiar og motorhavari stengde tunnelane i Aurland.

Foto: NRK.no-tipsar

For fleire bilistar vart ståande i kø også inne i tunnelane, slik at verdiane steig endå meir.

– Det var den største problematikken for oss i går, men vi håpar det ikkje skjer igjen i dag. At det kan bli høg gassverdi som følgje av stor trafikk kan skje, men klok av skade frå i går så skal vi i alle fall jobbe for at ingen må stå i kø inne i tunnelane, seier Holm.