Hopp til innhold

– Klar mistanke om at brannen er påsett

Mannen som er mistenkt for innbrot og brannstifting i huset til ein 90-åring i Fusa, blir framstilt for varetektsfengsling i morgon.

Huset til 90-åring på Eikelandsosen i Fusa

VAKNA AV BRANNALARMEN: Ein 90 år gamal mann vart sendt til Haukeland etter innbrot og kraftig røykutvikling i sin eigen bustad. Politiet har funne to arnestader inne i huset, og mistenkjer ein mann i 50-åra for å ha tent på.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Det stadfestar politioverbetjent Jarle Matre ved Fusa lensmannskontor til NRK.

– Vi har han i varetekt no, og den sikta blir framstilt for fengsling i Bergen i morgon. Han er førebels sikta for grovt skadeverk, men den kan bli endra etter kvart som vi kjem lenger i etterforskinga, seier Matre.

Det var natt til tysdag at ein 90 år gamal mann vakna av brannalarm og kraftig røykutvikling i sitt eige hus i Eikelandsosen i Fusa.

Blir avhøyrt i dag

Den eldre mannen klarte sjølv å sløkke brannen, men fekk såpass med røyk i seg at han måtte sendast til Haukeland sjukehus for overvaking. 90-åringen ligg framleis inne til observasjon onsdag.

– Vi kjem til å avhøyre både den fornærma, den sikta og andre vitne i løpet av dagen, seier Matre.

Den sikta, ein mann i 50-åra, skal ha gjort innbrot i to hus, samt stole 90-åringens bil. I tillegg er han altså mistenkt for å påsett brannen i huset til 90-åringen.

Prøvde å tenna på to plassar

Den sikta vart arrestert på ferja mellom Os og Fusa tidleg tysdag morgon, etter tips frå publikum.

Krimteknisk jobba i heile går inne i bustaden der det var røykutvikling, og politiet bekreftar at det har brunne på to plassar inne i huset. På stovebordet og ute i gangen.

– Det er ein klar mistanke om at den sikta har påsett brannane, avsluttar Matre.