Hopp til innhold

– Kanskje får me endeleg svar

Familien til Trine Frantzen håpar på svar åtte år etter at den 32 år gamle kvinna forsvann. Politiet har fått inn nye tips i samband med ei ny drapssak.

Video - Kanskje får me endeleg svar

- Kanskje får me endeleg svar

Familien håpar på eit endeleg punktum når politiet no på ny skal undersøkje forsvinninga av Trine Frantzen i 2004.

I samband med etterforskinga av drapet på 98 år gamle Hilda Feste på Os har politiet fått inn nye tips, skriv Bergens Tidende.

Les òg: Pensjonert politimann etterforsker Frantzen-saken etter nye tips

– Åtte tunge år

Forsvinninga vart etterforska som eit mogleg drap, fram til riksadvokaten la vekk saka i 2008.

– Eg håpar at me no skal få setje punktum. Desse åtte siste åra har vore heilt forferdelege. Me går og grublar på kva som har skjedd med ho, kven som har teke ho av dage og kvar ho er no. Dette har prega meg veldig, seier mor til Trine Frantzen, Beate Frantzen.

Beate Frantzen

Mor til Trine Frantzen, Beate Frantzen, håpar at dei skal få setje eit endeleg punktum for forsvinningssaka.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Ho har mange gode minner om dottera.

– Ho song heile tida og var blid, og ho visste ikkje kva godt ho skulle gjere for dei som var rundt ho. I det heile teke var ho veldig snill og omtenksam.

– Forferdeleg at eit nytt drap måtte til

Politiet i Os har tidlegare blitt sterkt kritisert for å ha venta i tre heile månader frå kvinna vart sakna, til dei byrja å etterforske saka som eit mogleg drap.

– Eg har aldri fått roa tilbake, seier Beate Frantzen.

Trine Frantzen kom frå Os, kommunen der 98 år gamle Hilda Feste vart funnen drepen 1. nyttårsdag. I samband med den nye saka er det kome inn nye tips om forsvinninga for åtte år sidan.

– Eg har alltid tenkt at det på eit eller anna tidspunkt ville kome fram ny informasjon. Men det er forferdeleg å tenkje på at det måtte eit nytt drap til for at det skulle kome nye tips i saka til Trine, seier syster Janicke Merete Frantzen.

Janicke Frantzen og Jørgen Frantzen

Janicke og Jørgen Frantzen er syster og son til Trine Franzen som forsvann i mai i 2004.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

No håpar familien at dei endeleg skal få svar på kva som eigentleg skjedde for åtte år sidan.

– Eg håpar og trur og føler at no nærmar me oss slutten. Åtte år er altfor lenge å vente, seier Janicke.

– Me har jo sett opp ein minnestein, og det er veldig godt å gå dit. Men me skulle jo ynskje at ho faktisk låg der, og at me slapp å tenkje på at me ikkje veit kvar ho er, seier Beate.

– Redd for å bli skuffa

Sonen til Trine Frantzen, Jørgen, var berre 13 år då mora forsvann. Han er redd for å håpe for mykje.

– Eg er redd for å tenkje at politiet skal klare å finne svar denne gongen. Det har vore så mykje fram og tilbake. Eg orkar ikkje å bli skuffa. Då blir ting berre enda verre, seier Jørgen.