Hopp til innhold

– Kan vere forskjellen på liv og død

NORDFJORDEID (NRK): Denne veka vert tusenvis av busspassasjerar kontrollerte for bruk av bilbelte. Passasjer Jarl Wåge på Nordfjordekspressen brukte belte, og slapp gebyr på 1500 kroner.

Jarl Wåge

FØRSTE GONG I KONTROLL: Jarl Wåge er ofte busspassasjer, men måndag var første gong han vart kontrollert for beltebruken.

Foto: Silje Guddal / NRK

På ei utviding langs riksveg 15 har Statens vegvesen rigga seg til. Når første buss vert vinka inn, er kontrollørane raskt inne bussen. Ingen rekk å lure på seg beltet.

– Dei kom veldig raskt inn, og dei kom bak ifrå, så eg hadde ikkje hatt sjanse til å ta på meg belte, seier passasjer Jarl Wåge.

Måndag starta ein storstila kontrollaksjon over heile landet, som varar ut veka. Det er no over ti år sidan det vart påbode å bruke belte i buss, men framleis er det mange som slurvar.

Spår mange førelegg

Ni personar vart drepne i bussulykker i tidsrommet 2014 til 2016. Ifølgje vegvesenet kunne fleire av dei redda livet om beltet var på. Inspektør Reidun Tryggestad seier det er sterke krefter i sving under ein kollisjon eller velt.

– Du sitt veldig utsett i ein buss. Skjer ei velteulykke og du treff andre passasjerar, kan du både skade og i verste fall ta livet til andre passasjerar, om du ikkje brukar belte, seier kontrollør Reidun Tryggestad.

Statens Vegvesen har bilbeltekontroll i buss

RASKT PÅ PLASS: Kontrollørane tek kvar si dør, for å sikre at ingen skal klare å snike på seg beltet. Inspektør Reidun Tryggestad går mot bakdøra, medan overingeniør Svein Arne Henjesand går inn framme.

Foto: Silje Guddal / NRK

Jarl Wåge seier han tek på seg beltet heilt automatisk.

– Då føler eg meg litt tryggare viss det skulle skje noko, seier passasjeren.

– Trur du det er mange som må ut med 1500 kroner i dag?

– Ja, for eg ser det er veldig mange som ikkje gidd å ta på belte, seier Wåge.

Under fjorårets belteaksjon fekk 237 passasjerar gebyret på 1500 kroner, men denne kontrollen var over på 3 minutt. Dei seks passasjerane og bussjåføren brukte alle belte.

Fleire alvorlege ulykker

Uansett om det er ei velteulykke eller ein kollisjon, kan det vere avgjerande å ha belte som held deg på plass i setet.

– Er du ikkje festa i bilbeltet, så vil du sannsynlegvis følgje med bussen. Enten inn i bussen, eller i verste tilfelle, og det ser ein veldig ofte, at passasjeren fer ut gjennom glaset og det vert eit klemmeulykke. Det er ei fatal ulykke, seier Tryggestad.

Svein Arne Henjesand og Reidun Tryggestad

GODE RESULTAT: På den første av fem aksjonsdagar sjekka Svein Arne Henjesand og Reidun Tryggestad tre bussar med til saman 16 passasjerar. Alle brukte bilbelte.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein fare for seg sjølv og andre

Som busspassasjer tenkjer ho sjølv over kvar ho set seg, og om passasjeren tvers over for henne har på seg bilbelte. Det har hendt ho har bede medpassasjerar om ta på seg belte.

– Det kan faktisk skje noko, og då må du vere så godt sikra som mogleg. Det kan vere forskjellen mellom liv og død, seier Tryggestad.

Wåge skal sitje på buss i ti timar, men har ikkje tenkt å legge seg opp i kva andre gjer.

– Nei, eg skal ikkje bli sånt bilbeltepoliti. Folk må få gjere som dei vil, men kanskje skulle det vere litt hyppigare kontrollar, så ville vel folk lære, seier passasjeren.