Hopp til innhold

– Kan berre behandle akutte skader

Legevakta er ikkje rette staden for behandling av dei bakanforliggjande problema ved sjølvskading. Det meiner leiaren i Sogn og Fjordane Legeforeining.

Sjølvskading

KVAR DAG: 24 år gamle «Maria» driv med sjølvskading nesten kvar dag. Årsaka til problema, dei psykiske smertene, er ikkje noko ein kan behandle på legevakta, meiner leiaren i legeforeininga i fylket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Så mange som 10 prosent av alle unge jenter kan ha skada seg sjølv ein eller fleire gonger. Sjølvskading er eit veksande problem, og det å setje arr på seg sjølv er for mange blitt ein måte å takle kvardagen på.

Leiv Erik Husabø er styreleiar for legeforeininga i Sogn og Fjordane. Han understrekar at sjølvskadarar er alvorleg sjuke som må takast på alvor og behandlast med respekt.

Likevel meiner han det kan vere viktig å klargjere kva type hjelp ungdomane kan få på legevakta.

– Det er ikkje noko poeng å gje forventingar om at vi skal ordne hovudproblema på legevakta, for det klarar vi ikkje, seier han.

Skadar seg sjølv for å sleppe unna det vonde

Ekspertane reknar med at om lag 10 prosent av alle unge jenter har prøvd sjølvskading ein eller fleire gonger. NRK har denne veka fortalt historia til 24 år gamle «Maria» frå Førde som har drive med sjølvskading sidan ho var 15 år.

– Det kan vel eigentleg forklarast som eit press, eit trykk som kjem frå innsida, med mange av dei kjenslene eg ikkje har ord på. Eg føler at dei slepp ut når eg skadar meg. Eg vert letta innvendig, fokuserer på det eg gjer og får litt avstand, fortel ho om kvifor ho har to armar som er fulle av arr.

«Maria» har sjølv vore på legevakta fleire gonger og fortel at det slett ikkje er alltid at ho kjenner seg velkommen der.

– Det har vore veldig ulikt. Nokon er veldig, veldig flinke. Særleg mange yngre, fordi dei kanskje har hatt om dette på legestudiet. Dei eldre blir meir slik at «du tek opp plass» og «er du her no att».

Opplever at dei ikkje blir tekne på alvor

Arnhild Lauveng

NEGATIVE OPPLEVINGAR: Psykolog Arnhild Lauveng seier mange sjølvskadarar har dårlege erfaringar med helsevesenet.

Foto: Annar Berg

Psykolog Arnhild Lauveng jobbar tett med ungdom som driv med sjølvskading, og har sjølv hatt problem med dette.

Lauveng har skrive bok om sjølvskading og fortel at det er mange som har svært dårlege erfaringar med helsevesenet.

– Det er ikkje mange vekene sidan eg høyrte ei veldig negativ historie. Om nokon som hadde oppsøkt legevakta og blitt sydd utan bedøving, seier Lauveng og forklarar vidare om tankegangen til enkelte behandlarar.

– Når du ikkje har bedøving når du skadar deg, så treng du det ikkje når du syr.

– Ikkje eit poeng at andre skal straffe dei

At sjølvskadarar har slike opplevingar på legevakta er noko leiaren i Sogn og Fjordane Legeforeining meiner er svært beklageleg.

– Dette synst eg ikkje noko om. Eg kan ikkje sjå at det kan vere fagleg grunnlag for å gjere det slik, seier Leiv Erik Husabø til NRK.no.

– Dei har nettopp straffa seg sjølve, og det er ikkje eit poeng at dei skal bli straffa av andre i tillegg. Vi må gi god behandling sjølv om dei har skada seg sjølve, seier Husabø.

– Vi kan hjelpe med å sy, men ikkje resten

Leiv Erik Husabø

PÅ ALVOR: Leiv Erik Husabø seier sjølvskadarar må bli tekne på alvor, men at det ikkje er på legevakta dei kan få hjelp for dei bakanforliggjande problema.

Foto: privat

Styreleiaren i Legeforeininga i fylket er likevel klar på at legevakta ikkje kan vere dei som skal ta ansvar for å behandle dei bakanforliggjande problema.

24 år gamle Maria frå Førde fortel at dei vonde følelsane ho har inni seg får eit slags utløp når ho lagar arr på armane sine. Desse problema meiner Husabø at det er andre som må hjelpe ungdomane med.

– Eg trur det kan vere viktig å avklare at vi kan hjelpe med på legevakta er å sy såret. Men det å hjelpe med det som er meir alvorleg, og den meir langsiktige behandlinga, det er ikkje legevakta plassen for, seier han til NRK.

– Vi kan eventuelt vise dei vidare om dei ikkje har slik kontakt frå før.

Vanskeleg balansegang

Husabø fortel også at behandling av sjølvskading på legevakta kan vere ein vanskeleg balansegang.

– Viss du driv med sjølvskading og stadig får mykje trøst og ros på legevakta, så kan det bli ei slags løn å gå dit. Det kan bli kjekt å oppsøke legevakta.

– Det er heller ikkje bra for pasienten. Du skal få god helsehjelp, men du skal kanskje ikkje få alt for mykje merksemd heller, det er eit poeng.