Hopp til innhold

– Kampen er ikkje tapt

– Folk må huske på at kampen for fødetilboda i Lærdal og på Eid ikkje er tapt, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

LEGG NED: Helse Førde har vedteke å legge ned fødetilbodet på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus.

Foto: NRK

I går vedtok Helse Førde styret at fødetilboda på lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane skal leggast ned, og det sjølv om det kjem meir pengar frå staten.

Erling Sande

Erling Sande

Foto: NRK

Sande minnar folk om at vedtaket ikkje er endeleg, og oppmodar folk om å engasjere seg.

– Det er ikkje eit endeleg vedtak. Det skal godkjennast av Helse Vest, og statsråden må også gje si velsigning til dette vedtaket.

Han vil minne folk om at det er ei høyring om nasjonal helseplan på gang.

– Alle som er engasjerte i helsespørsmål må hive seg rundt og engasjere seg, og gje tilbakemeldingar på kva dei meiner om dette vedtaket og om helsepolitikken generelt, seier Sande.