Kvalsvik meiner AP er heilt avhengig av FrP-støtte for å få ordføraren, og trur Bremer kan kome på andre tankar når valresultatet er klart. – Eg vart forbausa over at Bremer ikkje vil vente på valresultatet før han avskriv å forhandle med oss, seier FrP-toppen.
Framleis Sandal-styre
– Dersom meiningsmålingane slår til, inneber dette at Sandal får halde fram som fylkesordførar, meiner Kvalsvik. – Den firarbanden som står bak Sandal ser ut til å få fleirtal sjølv om vi stemmer blankt, slår toppkandidaten til Framstegspartiet fast.