Hopp til innhold

– Ikkje la jakthunden ete lemen

Lemenår i fjellet gjer at jakthundar har større sjanse for å få bendelorm og bli smitta med harepest. – Risikoen er høgare enn vanleg denne hausten, seier dyrefagleg rådgjevar i If.

Lemen

UVANLEG MYKJE LEMEN: Lemenår i fjellet, gjer at fleire hundar kan få sjansen til å gnafse i seg ein gnagar eller to.

Foto: Gunn Nyborg / NRK

Jaktsesongen er i gang, og jegerar og hundar trekker i hopetal til fjells. Men i år bør jegerar følgje ekstra godt med på hundane sine.

Martine Fossem Nygaard

– HØGARE RISIKO: Sjansen for at hundar et lemen i fjellet, er høgare i år sidan det er lemenår, seier Martine Fossem Nygaard, dyrefagleg rådgjevar i forsikringsselskapet If.

Foto: If

Det er lemenår i fjellet, og det gjer at risikoen for at jakthundane kan få bendelorm og bli smitta av harepest, er høgare, seier Martine Fossem Nygaard, dyrefagleg rådgjevar i forsikringsselskapet If.

– Risikoen er høgare enn vanleg denne hausten, sidan det er mykje lemen på fjellet. Sjølv med hunden i band, vil det vere såpass mykje lemen i terrenget at hunden vil få tak i nokre i løpet av turen om den vil.

LES OGSÅ: Venter lemen-eksplosjon i Sør-Norge

Redusert matlyst og slappheit

Fra rypejakta i Hattfjelldal denne uka.

RYPEJAKT: Jegerar har spådd eit kanonår for rypejakta i Sør-Noreg. Men det er også uvanleg mykje lemen i fjellet i år, og jegerar bør sjå litt ekstra etter hundane sine, seier Martine Fossem Nygaard, dyrefagleg rådgjevar i forsikringsselskapet If.

Foto: Snorre Nicolaisen

– Nokre hundar grev ned byttet sitt, medan andre svelger dei raskast mogleg i frykt for å bli fråteke herremåltidet sitt, seier Nygaard.

Ein del hundar vil kaste opp at lemen dei jafsar i seg, medan andre vil gå gjennom fordøyelsen til hunden. Ser du at hunden din forsyner seg grovt med smågnagarar, kan det vere lurt å kontakte dyrlegen din for ei ormebehandling, meiner Nygaard.

– Følg med på avføringa til hunden din de neste dagane. I verste fall blir ikkje gnagaren fullstendig fordøydd og fungerer som ein propp i fordøyelsessystemet.

LES OGSÅ: Forsker: – Mye lemen i fjellet gir god rypejakt

Sjuke eller døde lemen kan bere smitte

I tillegg til å kunne vere mellomvert for bendelorm, kan lemen, andre smågnagarar og hare bere med seg bakterien Francisella tularensis, ein smittsam bakterie som forårsakar såkalla harepest eller lemenpest.

– Det har vore omdiskutert kor mottakelege hundar er for å få lemenpest, men sjukdomen har blitt påvist hos nokre hundar dei siste åra, seier Nygaard.

Symptoma er kortvarig sjukdom med redusert matlyst og slappheit. Opplever du at hunden er sjuk etter å ha vore i kontakt med døde gnagarar, ta kontakt med veterinæren, oppmodar Nygaard.

LES OGSÅ: Det kan bli et kanonår for rypejakta i sør