Hopp til innhold

– Ikkje avhengig av NSB

Reiselivet i Flåm er ikkje avhengig av sponsing frå NSB. Det seier John Håland, eigar av Flåm Camping.

Flåmsbana - Flåm stasjon
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Flåmsbana har dei siste åra vore millionbutikk for reiselivsnæringa i Aurland, men det er NSB som sit med gode kort på hand når ein 15 år gamal avtale går ut ved nyttår.

– Greier oss utan

Medan fleire av selskapa som får store summar frå Flåmsbana går i minus, går Flåm Camping i pluss utan sponsing frå NSB.

– Me vil greie oss veldig godt utan midlane frå NSB, seier Håland.

– Det er overhovudet ikkje nokon krise. Eg trur heile verda vil koma til Flåm uansett. NSB driv profesjonelt, og nokon vil føla dei får litt mindre midlar, men eg trur me vil ha det bra uansett.

– Bør endra strategi

Selskapet Aurland Ressursutvikling, som hentar størsteparten av inntektene sine frå Flåmsbana, har sidan oppstarten i 1997 tapt om lag 90 millionar kroner på drifta av dotterselskapa sine. Eit par av desse er Fretheim hotell og eit selskap som driv med fjordcruise.

Dette står i sterkt kontrast til Flåm Camping, som tener gode pengar. Dei som driv Aurland Ressursutvikling bør endre strategi, meiner Håland.

– Eg reknar med at dei som driv og styrer Aurland ressursutvikling vil sjå sjølv at dei må forandra litt. No har det kanskje vore litt lett, ein har hatt alvorleg mange millionar kroner ein kan sjonglera med og kjøpa konsulentar for.

Styreleiar i selskapet, Ivar Bjarne Underdal, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til utspelet frå Håland. Men til NRK på tysdag uttalte Underdal at ein må vere tolmodig når det gjeld å krevje resultat frå dotterselskapa.

– Det er ein jobb som treng nye 15 år, og som me er innstilt på å ta, sa han.