Hopp til innhold

– Hengebru vert for dyrt

– Å byggje ei hengebru over Nordfjorden frå Anda til Lote blir for dyrt, vedgår styreleiar Alfred Bjørlo i Nordfjordbrua. Selskapet har skifta taktikk og satsar no på billegare teknologi som flytebru.

E39 bru Nordfjorden

MANGE ALTERNATIV: Dette er eit av mange forslag til bruløysingar over Nordfjorden mellom Anda og Lote. Denne forslaget til flytebru vart presentert for nokre år sidan.

Målet til eidaordføraren og styreleiaren i bruselskapet, Alfred Bjørlo, er at brua skal stå klar i løpet av ti år.

I dag presenterte han planane og taktikken på politikardagen til fylkestinget.

Selskapet har sikra seg ryggdekning i regjeringa for at dei kan jobbe vidare med planane som eit ferjeavløysingsprosjekt. Det vil seie at pengane som staten sparer på å leggje ned ferja skal vere med å betale for bygginga, saman med bompengar.

Ønskjer å vere pilotprosjekt

Samstundes har Stortinget sagt at dei ønskjer å satse på nokre pilotprosjekt for å utvikle teknologi som kan skal gjere det enklare og billegare å byggje bruer.

Alfred Bjørlo ved Firda kaserne på Nordfjoreid

Ordførar og styreleiar Alfred Bjørlo.

Foto: Privat

– Vi må ha nytenking i Norge på korleis vi kan bygge nye bruer raskare og rimelegare enn vi gjer i dag. Og der vil vi prøve å vere i posisjon med tanke på at ei bru mellom Anda og Lote vil vere eit godt eigna prosjekt, seier Bjørlo.

– Ingen heksekunst

Det har tidlegare vore sett på fleire ulike alternativ med ulike kostnader.

I dag seier Bjørlo at ei hengebru vil koste rundt fem milliardar kroner. I staden ønskjer bruselskapet å utvikle ei flytebru som skal koste mellom tre og fire milliardar kroner.

– Vi har erfaring frå blant anna Nordhordlandsbrua og andre bruer med at dette er teknologi som er fullt ut robust nok i våre vêrforhold. Dette er ingen heksekunst. Det er snakk om å ta bruk i velprøvd teknologi på nye måtar, fortel Bjørlo.

– Ingen omkamp

Han avviser at skifte av taktikk er eit forsøk på omkamp om få flytta den planlagde brua på E39 frå Stryn til Anda-Lote.

– Dette er ingen omkamp. Skal vi byggje bru mellom Anda og Lote er det eit reint ferjeavløysingsprosjekt.

– Men du forstår at spørsmålet vert stilt.

– Ja, men dette prosjektet har det vore jobba med i over 40 år. Dette vil alltid vere eit aktuelt prosjekt fordi det på denne strekninga kjem til å gå ferjer til evig tid, uansett kva for vegar som vert bygde andre stader – viss vi ikkje får bygd bru, held han fram.

– Søv godt om natta

Svein Sunde i Gode vegar, som har kjempa for å få lagt E39 via indre Nordfjord, seier han framleis søv godt om natta. At eidarane og glopparane jobbar med tankar om ei flytebru, er ikkje noko nytt for Sunde.

– For vår del må det gjerne kome fleire bruer så lenge dei ikkje hindrar cruiseskipa å kome til indre Nordfjord eller legg opp til omkamp om kvar E39 skal gå, seier Sunde.