Hopp til innhold

– Dei er ikkje velkomne i Florø

Ordførar Bente Frøyen Steindal er svært bekymra for at den lokale klubben Hammer MC har blitt støtteklubb til Hells Angels.

Ordførar i Flora vil ikkje ha Hells Angels til byen

TRIST: Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal meiner det er skremmande og trist at Hammer MC har blitt del av Hells Angels.

Denne veka har NRK avslørt at 27 motorsykkelklubbar i landet nyleg har fått tilknytning til den kriminelt belasta MC-klubben. Blant er Hammer MC i Florø.

Ikkje velkommen til byen

Ordførar Bente Frøyen Steindal seier eit slikt miljø ikkje er velkomne til byen.

NRK har dei siste to åra følgt Hells Angels som har eit av landets beste organiserte kriminelle nettverk. Ifølgje NRK Brennpunkt har miljøet kome til Florø.

– Ting tyder på at dette er tilfelle. Det er veldig trist og og vi bør skjekke ut kva dette er, seier Frøyen Steindal.

NRK oppsøkte hovudkvarteret til Hammer MC denne veka, men ingen ville snakke med oss. Vi har også forsøkt å få tak i medlemmer på telefon, men ingen vil la seg intervjue.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hammer MC-medlem med Hells Angels-symbol

BEVIS: Dette biletet viser eit Hammer MC-medlem som har 81-merket som knyttar han til den kriminelt belasta motorsykkelsklubben Hells Angels.

– Skremmande og trist

I går fekk NRK tak i eit bilete som knyttar eit Hammer MC-medlem til den kriminellt belasta motorsykkelklubben. Han hadde «Support Club 81»-merket på jakka si.

Det er berre medlemmer i klubbar som formelt er tilknytta Hells Angels som får bære merket. Men det er berre enkeltmedlemmer som får utdelt 81-merket.

– Det er både skremmande og trist. Eg håpar ikkje dette er så alvorleg som det høyrast ut for. Vi må ta dette på høgste alvor. Dei som er med på dette må tenkje seg grundig om visst dette stemmer, seier Frøyen Steindal.

Vil ta kontakt med politiet

Hammer MC har vore i politiets søkjelys tidlegare: I 2003 gjennomførte politiet ein større razzia i klubblokala. Dei fann då narkotika, medikament, skytevåpen, og det dei mistenkte var smuglargods.

Politiet vil verken avkrefte eller bekrefte påstandane om at Hammer MC idag har tilknytning til eit organisert kriminelt nettverk.

– Vi må ta kontakt med politiet for å høyre kva som kan gjerast for å unngå at den kriminelle miljøet får fotfeste, seier Frøyen Steindal.

Lokala til Hammer MC

STOPP: Hovukvarteret som ligg på eit industriområde i Florø, er videoovervaka. Det er også høge gjerder rundt området.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK