Hopp til innhold

– Heile hotellet rista

Hilde Hammerset Torsheim frå Førde var tett på jordskjelvet som råka den greske ferieøya Kos i natt.

QUAKE-AEGEAN/ Damage caused by a quake in Kos

STORE SKADAR: I sentrum av Kos er skadane etter jordskjelvet store og fleire bygningar har kollapsa. Hilde Hammerset Torsheim fortel om ei dramatisk oppleving.

Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters

– Vi vakna av at heile hotellet rista og at ting ramla ned frå veggane. Det var masse spetakkel og alle sprang ut, fortel Hilde Hammerset Torsheim. Ho er på ferie på den greske øya Kos.

I natt råka eit jordskjelv område. Jordskjelvets episenter var i Egeerhavet mellom Tyrkia og Hellas. Kos vart hardt råka. Så langt er det meldt om to omkomne og over 100 skadde. Ein av dei omkomne er frå Sverige melder nyheitsbyrået AP. UD bekreftar også at ein nordmann er hardt skadd.

– Braut ut panikk

Torsheim bur saman med familien på eit hotell fire kilometer utanfor sentrum. Dei låg og sov då jordskjelvet råka.

Hilde Torsheim med familien

OPPLEVDE JORDSKJELVET: Hilde Hammerset Torsheim var på ferie med familien på Kos, då eit jordskjelv råka øya i natt.

Foto: Privat

Det var nokon som kom igjen frå Kos sentrum i natt. Dei fortalde at bygningar hadde kollapsa, folk fekk stein i hovudet og det braut ut vill panikk, fortel Torsheim.

Skadane der Torsheim og familien oppheld seg er ikkje like store.

– På hotellet var det flaum ute på hotellområdet, men elles er skadane små. Hotellsjefen her sa at bygningane inne i Kos er gamle og skjøre og ikkje bygd for å tole jordskjelv av denne styrken.

Veit ikkje kva som skjer vidare

Torsheim skulle reise heim frå Hellas i dag, men no veit ho ikkje kva som skjer.

– Vi har registrert oss hjå UD og fått beskjed om å rette oss etter dei lokale myndigheitene her. Vi har førebels ikkje høyrt noko om vi kjem oss av garde i dag eller ikkje.

Kjente skjelvet på Rhodos

På ferieøya Rhodos kjente dei også jordskjelvet godt. Silje Vindedal Espe frå Sogndal er på Rhodos saman med familien. Ho syntest det var ei svært ubehageleg oppleving.

– Det var som om heile hotellet bevegde seg og eg trudde det skulle falle saman. Eg fekk ikkje sove resten av natta, fortel ho.

jordskjelv

Jordskjelvet er målt til 6,7 på Richters skala og episenteret ligg rundt 10,3 kilometer sør for den tyrkiske byen Bodrum og 16 kilometer frå den greske øya Kos. Meir enn 20 etterskjelv har blitt registrert.