Hopp til innhold

Ordførar: Jølster åleine treng halve rassikringspotten

Regjeringa vil gje 505 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar. – Det er ikkje i nærleiken av nok, meiner ordføraren i Jølster.

Raset ved Vassenden i Jølster

RAS: Uvêret slo hardt til i Jølster den 30. juli i år.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Med tanke på prognosane for klimaendringar og følgene av dette, så ville eg tru at behovet er nesten umetteleg for dei som bur i utsette område, seier Oddmund Klakegg.

Han er ordførar i Jølster. Det er dryge to månader sidan uvêret trefte kommunen hans. Ein mann er framleis sakna etter at bilen han sat blei teken av eit ras.

Klakegg er nøgd budsjettet for slikt sikringsarbeid, men meiner det må meir til for å trygge norske heimar i framtida.

Ein start

I framlegget til det nye statsbudsjettet er om lag 505 millionar kroner løyva til førebygging av naturskadar på nasjonalt nivå.

I Sogn og Fjordane åleine har fylket hatt nærare ein halv milliard i utgifter til ras og flaum sidan 2010. Berre i sommar måtte dei ut med over 50 millionar kroner i oppryddingsarbeidet etter uvêret i Jølster. Ein slik sum er berre ein brøkdel av kva det vil koste å rassikre utsette delar av landet, meiner Klakegg.

– Med tanke på at desse pengane skal brukast over heile landet, så er det ikkje nok med 500 millionar, seier han.

Klakegg vil ikkje estimere kor mykje som trengst nasjonalt, men meiner at kring halve summen – 250 millionar – trengst til å dekke berre Jølster kommune.

– Men eg trur at behovet er veldig, veldig stort, særleg på Vestlandet, dersom ein skal sikre seg mot klimaendringane i framtida.

Førebygging føre reparasjon

I 2014 vart tre hus tekne og 143 personar vart evakuerte då ein flaum råka bebuarane i Flåm i Aurland. Ifølgje kommunen kosta arbeidet med reparere den tre kilometer lange elva over 200 millionar kroner. Avtroppande ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), er samd med Klakegg om at større summar må til.

– Det er viktigare å førebygge enn å reparere skadar etter ras og flaum. Difor trengst det enda meir pengar til dette arbeidet, seier han.