– Frp driv med «sutretaktikk» for å kompensere for politiske prestisjetap

KrF-topp i Vestland Trude Brosvik meiner Frp brukar sutring som strategi for å få det som dei vil. – Totalt kompetanselaust, svarer fylkesleiar Frank Sve i Frp Møre og Romsdal.

Trude brosvik

REAGERAR: Trude Brosvik i Krf meiner Frp må tole å ikkje få gjennomslag på alle deira sakar, dersom dei skal være i regjering.

Foto: GUNHILD HJERMUNDRUD / NRK

– Kvar gong dei opplever å ikkje bli høyrt godt nok, så er begeret fullt og dei skal ut av regjeringa og ha krisemøte, seier Trude Brosvik i KrF.

Etter at regjeringa bestemt å hente heim ei terrorsikta kvinne og hennar to barn frå ein IS-leir i Syria, har reaksjonane vore sterke frå Frp. Fleire har kravd at partiet skal ut av regjering, og i lys av det heile har toppleiarane levert ein rekke krav som dei vil ha innfridd for å bli verande.

Trude Brosvik er gruppeleiar for KrF i Vestland fylkesting.

Brosvik, som tidlegare har åtvara mot å gå inn i regjering med Frp på grunn av dei politiske ideologiske ytterkantane, har sett seg lei av det ho kallar for "sutring" frå partiet.

– Mindre risiko

I eit innlegg i BT.no skriv Brosvik at ho først og fremst trur det er tryggare for Noreg å hente heim IS-borna no, heller enn å vente.

– Dersom dei vert verande i leiren og kjem til Noreg for eigne peng, noko dei har rett til, så kan det god være at dei har vorte meir radikalisert. Då vil dei kanskje også ha eit større sinne mot Noreg som følgje av dette, enn dersom dei vert tatt vare på.

Ved sidan av sikkerheitsrisiko meiner ho det er ei anna vurdering som burde være minst like viktig i denne samanhengen, nemleg tryggleiken til borna.

– Det er eit grunnleggjande prinsipp for meg at barn med norsk statsborgarskap som ber om å komme heim får gjere det, seier ho.

– Hårreisande

Sjølv om Frp er ueinig i vurderinga om å hente familien heim, meiner Brosvik at partiet er nøydt til å innfinne seg i valet på lik linje med andre parti.

– For dei har dette vorte ei viktig symbolsak, men å tape saker er ein del av det å vere i regjering.

Ho meiner det ville vore hårreisande dersom Frp skulle få gjennomslaga på krava sine, situasjonen tatt i betraktning.

- Det ville vore heilt vilt dersom. Det er faktisk dei som har gått imot fleirtalet i regjeringa, og då må dei berre innfinne seg i at dei ikkje kan vinne alle kampane, seier ho.

– Vil tydelegvis satse på terroristane

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp Frank Sve reagerer sterkt på utspelet til Brosvik. Han meiner ho manglar tilstrekkeleg perspektiv for å sjå heile biletet.

– Det er heilt totalt kompetanselaust å seie noko slikt. Dei har valt å ta imot ein IS-terrorist. Me høyrer også kva Krf og Venstre seier at dei ønskjer å ta imot andre terroristar også, og det er brot på regjeringserklæringa som eg var med å skrive.

Han stiller store spørsmålsteikn til dei økonomiske prioriteringane til regjeringa.

– Det er mange andre dei kunne ha valt å prioritere å hente heim, til dømes ein 95-åring i Spania, men dei vel å satse på terroristane tydelegvis

Frank Sve

OPPGITT: Frank Sve meiner kommentarane til Brosvik syner prov på kompetansemangel.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK