Hopp til innhold

– Framtida til Sogn og Fjordane må diskuterast i ein større samanheng

– Framtida for Sogn og Fjordane må debatterast i ein større samanheng meiner SV-politikar Bård Vegar Solhjell. Stortingsrepresentanten tar spørsmålet opp som ei ekstrasak i form av ein interpellasjon til kommunal- og moderniseringsministeren.

Solhjell med T-skjorte

VIL HA DEBATT: Stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV)

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Solhjell meiner dagens regjering står for ei systematisk nedbygging av fylket ved å flytte arbeidsplassar ut av fylket.

– Vi har no ei regjering som etter mi meining ikkje forstår seg på Sogn og Fjordane, og som har ein sjeldsynt klar sentraliseringspolitikk. Det er mange einskildprosjekt der dei vil flytte kompetansearbeidsplassar ut av fylket, seier Solhjell.

Ikkje for seint

Det er ikkje for seint å gjere noko med det, meiner Solhjell, men vi må reise debatten om det.

– Folk i Sogn og Fjordane og parti frå Sogn og Fjordane må protestere klart mot det.

– Kva vil du oppnå med interpellasjon?

– Eg vil oppnå at vi ikkje berre debatterer politireform , fylkeskommunar, overføringar eller Engebøfjellet kvar for seg men heller reise ein samla debatt; Kva vil regjeringa med eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane som har klart seg godt, men som no kan bli truga av kraftig sentralisering.

Fleire må engasjere seg

– Eg ynskjer nok at andre Stortingsrepresentantar, ikkje minst dei som sit frå Sogn og Fjordane, skal delta i debatten, og eg ønskjer og å gi næring til dei protestane som eg no ser mot dette i Sogn og Fjordane , og som eg trur treng sterke uttrykk her i Oslo om dei skal bli høyrde.

– Men er det er det realistisk å tru at regjeringa vil ta omsyn til denne interpellasjonen?

– Ein interpellasjon er meir ein overordna debatt, ein kan ikkje forvente løysingar i ein slik debatt. Det kan sette spørsmål på dagsorden, som eg håpar å gjere og å til dømes få Stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane til å delta. Eg er overtydd om at det vil krevje klare svar og kraftfulle protestar frå Sogn og Fjordane om vi ikkje skal oppleve at svært mange kompetansearbeidsplassar skal bli flytt ut av fylket dei komande åra.