Hopp til innhold

– Framleis for store inngrep med Vigdøla-utbygging

Naturvernforbundet vender tommelen ned for endra planar for kraftutbygging i Vigdøla i Luster.

Lars Haltbrekken

– UNØDVENGIG UTBYGGING: Leiar Lars Haltbrekken meiner naturinngrepa med ei utbygging av Vigdøla er for store.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

Statkraft har endra planane for utbygginga for at det skal bli større restvassføring i elva.

Men dette får ikkje leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet til å sjå med stort blidare auge på planane.

– Endringane inneber ei mindre skadeleg utbygging enn i den opphavelege søknaden, men inngrepet er framleis stort. Og sjølv om lønsemda er blitt betre er det framleis ei kostbar utbygging.

Vigdøla

MEIR VASSFØRING: Planendringa til Statkraft betyr at det blir att meir vatn i Vigdøla enn ved dei opphavelege planane.

Foto: Statkraft

– Store negative konsekvensar

Haltbrekken viser til at det også lokalt er motstand mot planane Statkraft har for Vigdøla.

– Naturvernforbundet meiner at 35 GWh, det meste sommarkraft, ikkje er til så stor nytte for samfunnet at det forsvarar naturinngrepa. Vigdøla er ei kontroversiell utbygging med store negative konsekvensar for lokalmiljøet, landskapet og naturverdiane i Vigdalen. Difor går vi framleis mot utbyggingsplanane.

Lars Haltbrekken seier at dei saman med lokale interesser vil prøve å påverke NVE og Olje- og Energidepartementet til å seie nei til planane.

– Vi meiner utbygginga av Vigdøla er unødvendig, og vi håpar framlegget om planendring er eit steg på vegen mot å skrinlegge planane.