– Føraren kan ikkje klandrast
Det var ei kvinne i 20-åra som omkom då ho vart påkøyrd av Bybanen i Bergen måndag. Politiet seier til NRK at undersøkingane så langt viser at føraren av bybanevogna ikkje kan klandrast. Vitne er avhøyrd og det er sikra video av det som skjedde.