Mange i Nordhordland kjenner Magnhild.
Sidan 70-talet har ho vore ein aktiv lokalpolitikar i Lindås, og har vore ei eldsjel på mange område. Sjølv no når ho er over 80 år deltek ho samfunnsdebatten, som medlem i eldrerådet og på kommunestyrelista for Arbeidarpartiet i heimkommunen.
Ho meiner dei eldre har mykje å bidra med. Men det er tyngre enn tidlegare.
– Bur her så lenge eg kan
Det er bratte bakkar opp til huset der ho har budd dei siste femti åra. Særleg nedover er det tungt.
Ho har innstilt seg på at det kjem ein dag der ho flytter på institusjon. Men ho vil bli buande så lenge ho kan.
– Denne heimen bygde eg og Lars opp saman. Det er så mange minne knytt opp til han. Det er litt feigt å flytte når eg kan klare meg sjølv, seier Magnhild.
– Døden er naturleg
Mannen hennar Lars Haugen gjekk bort i 2006. Sidan har Magnhild vore enke.
Ho saknar ektemannen. Kvar veke går ho til grava med blomar frå hagen heime.
– Før var døden så fjern. Når ein vert gamal kjem den nær. Den vert naturleg. Eg har plass ved sida av Lars. Der skal eg gravleggast, seier Magnhild Marie Haugen.
- Sjå fleire videoportrett i vår serie «Ein av oss»