Hopp til innhold

– Folk som mistar jobben no, må tenkje nytt

Noreg fekk 500 fleire arbeidslause i mars. Svikten i oljebransjen får skulda. Hordaland har ikkje hatt fleire arbeidslause på ti år.

OLJE OSEBERGFELTET

MANGE BLIR RAMMA: Nedgangen i oljebransjen rammer fleire yrkesgrupper. Biletet er tatt frå boredekket på Oseberg B i den sørlege delen av Oseberg-feltet.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Joakim Lystad

NAV-DIREKTØR: Joakim Lystad.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

I løpet av mars vart det 500 fleire heilt arbeidslause, ifølgje sesongjusterte tal Nav offentleggjorde i dag. Summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak auka med 300.

– Til no i år har arbeidsløysa auka med 2.300 personar. Auken er i tråd med det vi har venta, og er størst i fylke som har mange sysselsett i oljerelatert verksemd, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.

Ved utgangen av mars var 81.000 (3 prosent) registrert som heilt arbeidslause, ein auke på 4.100 og 0,1 prosentpoeng frå mars i fjor.

Arbeidsløysa auka mest innan ingeniør- og IKT-fag, bygg og anlegg, for meklarar, konsulentar og industriarbeidarar. I bygg og anlegg er arbeidsløysa no oppe i seks prosent.

Aukar mest i oljefylka

Det er i oljefylka Rogaland og Hordaland at arbeidsløysa aukar mest. Dermed held trenden frå februar fram.

LES MEIR: Svikten i oljebransjen rammer stadig flere

Rogaland har 42 prosent fleire arbeidslause enn i mars i fjor, medan Hordaland no har den høgaste arbeidsløysa på ti år, målt i faktiske tal.

– Det er oljerelaterte verksemder som har nedgang, og vi ser at 70 prosent av arbeidsløysa er innan ingeniør- og IKT-fag, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Hordaland.

– Må flytte på seg eller tenkje nytt

Anne Kverneland Bogsnes

NAV HORDALAND-DIREKTØR: Anne Kverneland Bogsnes.

Foto: NRK

Ho åtvarar mot at nedgangen vil halda fram.

– Det er alvorleg å sjå at vi stadig aukar. Og vi ser at stillingstilgangen går ned, så vi ventar framleis auke i arbeidsløysa, seier Nav-direktøren.

LES OGSÅ: Laveste oljeinntekter på 13 år

Men for dei som er villige til å flytte på seg, er det framleis moglegheiter, understrekar Bogsnes.

– For dei som no mistar jobben, kjennest det veldig tungt. Men det er framleis mogleg å få relevante jobbar, sjølv om det kan ta litt lenger tid, seier ho.

Dersom folk ikkje vil flytte på seg, bør dei tenkje nytt.

– Det er heilt andre bransjar som har ledige jobbar enn dei jobbane dei som no blir arbeidslause har hatt. Så det betyr jo at dei som no mistar jobben kanskje må tenkje litt nytt, og prøve å ta jobbar som ikkje passar fullstendig med eigen utdanning, seier Bogsnes.

LES OGSÅ: – Oljenæringa må standardisera for å kutta kostnadar