Hopp til innhold

– Folk finn seg ikkje i dårleg behandling lenger

Talet på klager til pasientombodet aukar kvart år. Ikkje fordi det blir gjort fleire feil, men fordi færre og færre finn seg i dårleg behandling.

Lisa Førde Refsnes

HÅPAR PÅ FLEIRE KLAGER: Pasient- og brukarombod Lisa Refsnes.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Det seier Lisa Refsnes, som er pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane. I 2016 fekk ho 442 saker på bordet sitt. Talet på saker har auka jamt dei siste fire åra. Ho peikar på to hovudgrunnar til auken.

– Det eine er at fleire veit om pasientombodet, slik at fleire kan ta kontakt med oss. Det andre er at pasientane som er i dag i mindre grad enn i tidlegare tider finn seg i dårleg behandling.

Og Lisa Refsnes trur at med den generasjonen som no blir eldre og dermed hyppigare brukarar av helsetenester vil talet på klager auke endå meir i åra framover.

– Eg trur det vil vere ei endring i tida. Eg håpar det. Eg ser på det å gi tilbakemelding til helsetenestene som ei viktig dugnadsoppgåve som alle må ta for å få til betre tenester.

– Få har hemnmotiv

Ho meiner at nettopp det er hovudmålet til dei aller fleste som klagar.

– Det er svært få som har hemnmotiv eller som ynskjer å ta nokon. Men dei ynskjer å gi sitt bidrag og fortelje si historie.

– Korleis tek institusjonane i Sogn og Fjordane imot klagene som kjem? Blir det teke alvorleg nok?

– Det er litt varierande røynsle, men stort sett vil eg seie at helsetenestene er proffe på å ta tilbakemeldingar. Dei blir handterte på ein god måte, og helsetenestene er sjølve opptekne av å få tilbakemeldingar for å kunne vidareutvikle arbeidet sitt.

– Feil eller for sein diagnose

I 2016 var det 214 klager på behandling i spesialisthelsetenesta. Mange av desse tilfella handlar om folk som meiner å vere utsette for behandlingssvikt, til dømes påført skade under operasjon eller andre tiltak.

Innan kommunal helse- og omsorgsteneste var det 134 klagesaker. Mange av sakene der handlar om for sein eller feil diagnose. Men det er og ein del klager på mangelfulle eller feil behandlingstiltak. På institusjonane er det ti klager som går på manglande verdigheit.