Hopp til innhold

– Folk bruker feil metode når dei skal slutte å røyke

Undersøkingar viser at legemiddel aukar sjansen for å lykkes med røykeslutt, men folk er skeptiske til å bruke dei.

Person som røyker

VERT DYRARE: Kreftforeininga seier det er bra at avgifta på tobakksvarer går opp, men saknar eit betre tilbod for dei som ønsker å stumpe røyken for godt.

Foto: AFP

Førre veke vart forslag til statsbudsjett for 2022 lagt fram av Solberg-regjeringa.

Der foreslår dei å auke avgiftene på tobakksvarer. Ei auke på 6,5 prosent for sigarar og sigarettar, og ei auke på 85 til 90 kroner per 100 gram snus.

Geir Vangsnes i Kreftforeininga seier til NRK at «det er bra at avgifta går opp», men saknar eit betre tilbod for dei som ønsker å stumpe røyken for godt.

– Vi er skuffa, over at det ikkje blir gitt noko pengar til utviding av pilotprosjektet for røykeslutt, seier han.

Prosjektet er nemnd i budsjettet men berre for vidareføring fram til 2022, for dei 23 kommunane allereie med.

Prosjektet vart starta av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet i fjor haust og handlar om å gje røykarar eit gratis tilbod om rettleiing og midlar til røykeslutt.

Førebels er pilotprosjektet avgrensa til i Vestre Viken.

Prosjektet tar utgangspunkt i erfaringar frå Danmark, der vart rundt halvparten av deltakarane røykfrie etter seks månader.

Sjølv om talet på røykarar i Noreg går ned er det framleis 400.000 nordmenn som røyker dagleg, og like mange som røyker av og til.

– Bruker feil metode når dei skal slutte å røyke

Karl Erik Lund ved Folkehelseinstituttet seier til NRK at fleirtalet av dei som forsøker å kutte røyken «brukar feil metode».

– Den metoden vi tilrår, nikotinlegemiddel, kjem først på fjerdeplass, seier han.

Undersøkingar viser at legemiddel aukar sjansen for å lykkes med røykeslutt, men mange er likevel skeptiske til å bruke dei.

Dei fleste prøver difor å kutte røyken heilt utan hjelpemiddel. Deretter følgjer snus og e-sigarettar.

– E-sigarettar utan nikotin viser dårlegare effekt i røykeslutt enn dei med nikotin, seier Lund.

Ifølge ein ny britisk studie er E-sigarettar er nesten dobbelt så effektive ved røykeavvenning som nikotinplaster eller tyggegummi.

Undersøkinga viser at 18 prosent av dei som bytta til e-sigarettar klarte å halde seg unna vanlege sigarettar i eitt år.

Røykehjørnet er forlatt
Foto: Mette Stensholt Schau / NRK

Ny regulering i 2022

Per dags dato er det ikkje lovleg å selje e-sigarettar med nikotinkapslar i Noreg, men helsedirektoratet forventar ei ny regulering av dette i 2022.

Det finst i dag fleire hjelpemiddel for dei som vil stumpe røyken: Tyggegummi, plaster, inhalator, sugetablettar, munnspray og munnpulver er alle nikotinpreparat som er utan resept og kan skaffast i dei fleste butikkar.

Det eksisterer også eit reseptbelagt legemiddel ved namn Chamipix (Varenicline).

– Det ser ut til å ha god effekt, men har biverknadar, seier Lund.

Askebeger
Foto: Szasz-Fabian Jozsef

​​​​​​Helsedirektoratet arrangerte Stopptober

Erlend Bø er fungerande avdelingsleiar ved Helsedirektoratet.

– Det er vanskeleg å seie kvifor folk vel å stoppe å røyke eller starte å røyke. Det er nok mange forskjellige faktorar som spelar inn, seier han.

I oktober arrangerte Helsedirektoratet Stopptober, som skal motivere dei som røyker og snuser til å gjere et sluttforsøk i oktober og klare seg gjennom 28 dagar.

Karl Erik Lund seniorforsker, Dr polit. Fagområder samfunnsvitenskapleg rusforskning

FEIL METODE: Karl Erik Lund ved Folkehelseinstituttet seier til NRK at fleirtalet av dei som forsøker å kutte røyken «brukar feil metode».

Foto: Folkehelseinstituttet

Utgangspunktet er at dei som kjem seg gjennom 28 dagar utan røyk, har fem gonger så stor sjanse for å lykkes med å slutte for godt.

Ideen med å etablere ein «sluttemånad» vart henta frå England, som har arrangert Stopptober sidan 2012. Fleire andre land har tatt konseptet med ein sluttmånad i bruk, blant andre Nederland, New Zealand og Frankrike.