– Dette er eit døme på ei sak der alt det som kunne gå gale, har gått gale, seier rådgjevar Ingrid Husevåg Døskeland ved Robin Hood-huset i Bergen.
NRK har tidlegare fortalt om spanske Nadae, som i 2015 blei lurt av sin arbeidsgjevar og difor mista retten til sjukepengar då ho blei sjukmeld.
- Bakgrunn:
I februar fekk den nybakte mora medhald i sin siste kamp mot systemet: Full rett på sjukepengar i perioden ho har vore sjukmeld og foreldrepengar ut august.
Og Nadae er ikkje aleine, skal ein tru Robin Hood-huset i Bergen.
Rettar krass kritikk mot systemet
Dei gir støtte og juridisk rådgjeving til mellom anna fattige arbeidsmigrantar.
Stiftinga gjennomførte i fjor over 1100 rådgjevingssamtalar, primært med EU- og EØS-borgarar.
Døskeland meiner Nav-systemet er så lite brukarvennleg at mange som har opparbeidd seg rettar i Noreg, ikkje får tatt desse i bruk. Tilgjengelegheit, kommunikasjon og informasjon og oppfølging er Nav stat sine kjerneproblem, meiner rådgjevaren.
KRITISK: Prosjektleiar og rådgjevar Ingrid Husevåg Døskeland ved Robin Hood-huset i Bergen har assistert Nadae i møtet med Nav. Dårleg oppfølging, konkluderer ho.
Foto: Even Norheim Johansen / NRK– Det er ganske mange som gjev opp på vegen, spesielt viss dei ikkje får ei stadfesting på at det er mogleg å få gjennomslag for sine rettar. Det er veldig demotiverande for dei det gjeld, seier Døskeland.
Sivilombodsmannen: – Hol i lovverket
Kontorsjef Bjørn Dæhlin hjå Sivilombodsmannen er godt kjend med problemstillinga til Nadae.
I 2016 handsama Sivilombodsmannen 435 klagesaker om Nav, fleire av dei like som Nadae si.
Dei meiner arbeidstakarar som Nadae er eit resultat av eit hol i lovverket.
– Når ein vel arbeidsgjevar er ein avhengig av at han tek på seg det store økonomiske ansvaret det inneber. Det er ikkje alltid tilfelle. Då ventar mange at Nav tek ein del av jobben med å følgja opp arbeidsgjevar, og så føler dei seg snytt.
– Følgjefeil ville fått store konsekvensar
Robin Hood-huset har fylgt saka til Nadae tett og bidrog til at 23-åringen nyleg fekk fullt medhald i klaga.
- Les:
– Det er ikkje handsamingstida me reagerer på. Den er lik for alle. Men for kvart einaste avslag eller vedtak, måtte me skriva nye brev og skaffa meir informasjon. Breva var formulerte på ein måte som sjølv personar med norsk som morsmål vil slita med å forstå. Oppfølginga ho har krav på var fråverande.
BLEI LURT: Nadae blei lurt av arbeidsgjevar og mista etter kvart jobben. Mannen hennar fekk berre sporadiske skift i eit dekkbytefirma, slik at familiens inntekt var minimal.
Foto: Even Norheim Johansen / NRKNav beklagar
Direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Hordaland beklagar at Nadae har hatt eit dårleg møte med Nav.
Ho forstår at eit fagtungt språk kan vera vanskeleg for arbeidssøkjande utan gode norskkunnskapar, men kjenner seg ikkje att i kritikken om at systemet er dårleg tilrettelagd.
– Det er beklageleg at denne brukaren har denne opplevinga, for det er ikkje slik det skal vera.
– Me har gode rutinar i møte med brukarane våre, med god individuell oppfølging, men enkelte gongar kan det henda at nokon ikkje får god nok hjelp. Tilbakemeldingane eg får tyder ikkje på at dette er eit utbreitt problem.
BEKLAGELEG: Fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes forstår ikkje systemkritikken mot Nav, men har forståing for at språket kan vera utfordrande. – Det er ei statleg avgjerd. .
Foto: Øyvor Bakke / NRK