Hopp til innhold

– Fleire hadde hatt godt av å kle seg ut

Ragnheid Olset Åsnes har ein heilt spesiell hobby. Ho likar nemleg å kle seg ut og oppføre seg som karakterar frå fantasiverda. Ein gong kledde ho seg ut som eit tog.

Ragnheid Olset Åsnes cosplayer

COSPLAY: 26 år gamle Ragnheid Olset Åsnes har ein hobby som er blitt veldig populær i norske storbyar. Hobbyen går ut på å lage eigne kostymar, kle seg ut og dra på arrangement for å møta andre med same hobby.

Foto: Privat

Den 26 år gamle kvinna har drive med såkalla cosplay i to år.

– Utruleg kjekt, morosamt, spanande, du får adrenalin-rush av å gå rundt og kjenne på stemninga, og du blir berre glad – rett og slett lykkeleg, meiner Åsnes.

Ordet cosplay kjem av dei engelske orda costume og play. Det er ein hobby som eigentleg berre handlar om å kle seg ut og oppføra seg som ein karakter frå fantasiverda.

– Inspirasjon til karakterar kan koma ifrå teikneseriar, spel, film, bøker, eigentleg kva som helst, fortel Åsnes.

Tid, pengar og lange turar

Ho bur i Gaular og følar seg ganske åleine om å ha ein slik hobby her i fylket. Ho må reise til større byar for å møta folk som likar å kle seg ut og spela rollespel. For det å drive cosplay handlar òg om å møta andre menneske ein kan drive cosplay med.

– Hittil har eg vore på arrangement i Oslo og i Lillestrøm, men eg kan ikkje vera med på alt fordi det kan bli litt dyrt, seier Åsnes.

Det er ikkje berre dyrt fordi ho må reise, men det krevst også tid og pengar til å lage kostyme, for å sjå ut som den karakteren ho ynskjer å vera.

– Det har hendt at eg har måtta lage kostyme ganske fort, men eg har også laga kostyme som eg har brukt mykje tid og pengar på, seier ho.

Blant kostyma som har kosta Åsnes mest er faktisk eit tog. Det lagde ho av mange pappesker, røyr frå Biltema som eigentleg vert brukt til å ha i veggar, duct-tape, store mengder lakk og mykje tid.

– Det var så stort at når eg skulle frakte det ut av stova så gjekk det ikkje gjennom døra, det enda opp med at eg måtte ta det ut av kjøkkenvindauget, fortel Åsnes.

Created by InfoDispatcher

HEIMELAGA TOG: Her fekk Åsnes hjelp av to menn til å bære kostymetoget og sette det på tilhengaren. Det skulle fraktast til Lillestrøm.

Toget var så stort at det måtte fraktast med tilhengar til Lillestrøm der arrangementet vart halde.

Ideen til toget fekk Åsnes frå teiknefilmen I Like Trains på Youtube. Men det aller første kostymet som Åsnens lagde var ein bjørn ho ikkje ynskjer å seie namnet på, fordi det høyrest fælt ut, seier ho. Men denne bjørnen er i alle fall eit internettfenomen.

– Dei som henger i den digitale verda har sett og kjenner igjen denne karakteren, seier Åsnens.

– Eg var mykje meir nervøs og sosialt trekt tilbake før

Toget og Bjørnen er dei to første kostyma ho lagde nokon sinne. Det at ho var heilt tildekt dei to første gangane var ikkje utan grunn.

– Eg ville ikkje vise meg, og viss eg skulle gjere det så skulle folk i alle fall ikkje sjå meg. Så det var ein grunn til at eg først gjekk med boks på hovudet og at det andre var eit heilt dekkande tog, fortel Åsnes.

Ragnheid Olset Åsnes

VIKTORIANSK INSPIRASJON: Denne kostymen har Åsnes laga sjølv, inspirert av Steampunk og Brulesque.

Foto: Privat

Men etter kvart byrja Åsnens å få betre sjølvtillit og gjekk i kostyme ho hadde laga sjølv, der ein kunne sjå ansiktet hennar.

– Det er to originale karakterar som er inspirert frå steampunk, sjangeren som er frå viktoriansk tid på 1800-talet, forklarer Åsnens.

Rollespel er også viktig

Det å drive med cosplay handlar ikkje berre om kostyma. Ein skal faktisk gå inn i den karakteren ein har kledd seg ut som og oppføra seg deretter. Åsnens fortel om ulike karakterar ho møtte på, på det siste arrangement ho var på. Der var det blant anna ein spion som gjekk og luska rundt. Ho møtte også ein gjeng med prinsesser.

– Det var eit heilt spekter med prinsesser frå Disney filmane. Dei gjekk rundt i nydelege prinsessekjolar, og håret var heilt fantastisk tillaga, Dei var kongelege der dei gjekk. Prinsessa Ariel gjekk rundt med ein gaffel og greia håret sitt, fortel Åsnes.

Saknar cosplayere i fylket

Åsnes kunne tenkt seg å møta ein gjeng her i fylket som ho kan laga kostyme saman med, kle seg ut og dra ut med. Ho tørr derimot ikkje å gjere det på eigehand.

– Det er jo safety in numbers, seier ho og ler.

– Eg skjønar at folk ville ha vore skeptiske dersom eg hadde gått ut med kostyme på gata her. Dei ville nok ha spurt om denne personen er normal, seier Åsnes.

Men ho meiner cosplay vil vera sunt for veldig mange menneske og anbefaler folk å bli kjent med denne hobbyen.

– Eg trur absolutt at det er mange andre her som eigentleg kunne ha hatt godt av å ha vore med på noko slikt. Dei kjem til å kjenne den personlege utviklinga med at dei tør meir og klarar meir, meiner Åsnes.

Neste arrangement cosplayeren skal på er ikkje før sommaren 2015. Då har ho tenkt å vidareutvikla kostymet sitt som er inspirert av steampunk.

– Eg har ikkje møtt andre cosplayere her i Sogn og Fjordane, men viss dei er her så må dei dra seg fram og bli med, avsluttar ho.