Hopp til innhold

– Fjord1-nei er ein siger

Fylkesordførar i Møre og Romsdal Jon Aasen (Ap) tykkjer konkurransetilsynet sitt vedtak om Fjord1-salet er ein stor siger for alle som er oppteken av eit godt ferjetilbod.

Jon Aasen

NØGD: Jon Aasen er strålande nøgd med konkurransetilsynet sitt fjord1-vedtak

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

– Om dette salet hadde gått i orden, hadde vi i realiteten hatt to tilbydarar på den norske ferjemarknaden. Det seier seg sjølv at eit anbodsregime i ein monopolsituasjon, det går ikkje, seier Aasen.

Fylkesordføraren var sjølv med på å selje Møre og Romsdal ut av Fjord1, men no er han strålande fornøgd med at nabofylket Sogn og Fjordane ikkje får lov til det same.

MF Selje på veg over Sognefjorden

VIL HA FJORD!: fylkesordføraren i Møre og romsdal ønskjer å framleis ha fjord1 som eit sjølvstendig selskap

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi selde ikkje til ein konkurrent

– Vi selde vår del av fjord1 fordi vi følte at det ikkje var rett for fylkeskommunen å drive ferjereiarlag. Samstundes selde ikkje vi til ein konkurrent av fjord1, men til ein frittståande aktør, seier Aasen.

Den frittståande aktøren Aasen talar om er Per Sævik og hans reiarlag Havila. Han meiner det er noko heilt anna å gjere det, enn å skulle selje til Torghatten, slik Sogn og Fjordane fylkeskommune forsøkte å gjere.

– Vi er veldig opptekne av at skal anbodsregimet fungere, så må det vere ein fri og sunn konkurranse mellom aktørane i marknaden. Det ville ikkje vore tilfellet om Torghatten og Fjord1 hadde vorte eit selskap.

Vil ikkje blande seg

Fylkesordføraren understrekar at han ikkje vil blande seg bort i kva fylkespolitikarane i nabofylket styrer med, men er likevel klar på at vedtaket til konkurransetilsynet er ein siger for alle ferjefylka i Noreg.

– Dette handlar jo ikkje om Sogn og Fjordane, men om ferjetilbodet i alle fylka langs kysten vår. Den konkurransesituasjonen som haldt på å oppstå ville vore svært dårleg, og difor er det ein siger for alle ferjefylke at det nok ikkje blir noko av, seier Aasen.