– Fiskeripolitikk er ikkje det mest sexy området

Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet vedgår at ho har vore lite synleg på Stortinget dei siste fire åra.

Ingrid Heggø

FISKERI: Stortingskandidat Ingrid Heggø er fiskeripolitisk talsperson for Arbeidarpartiet.

Foto: NRK

Val

Heggø har vore fiskeripolitisk talsperson for partiet sidan 2013. Likevel er ho den stortingspolitikaren frå fylket som færrast gonger blir nemnt i media.

– Fiskeripolitikk er ikkje det området som er mest sexy. Det å bli synleg innan fiskeripolitikk er vanskeleg. Eg har reist kysten rundt for å lage ei fiskeripolitisk plattform for Arbeidarpartiet, seier stortingskandidat Ingrid Heggø.

– Og då tykkjer du det er naturleg å ikkje verte nemnt i media?

– Nei, vi burde jo fått media med på dette. Eg har i hovudsak snakka med lokalbefolkning og bedriftseigarar og til og med Per Sandberg har hatt problem med å bli synleg innan fiskeri, seier stortingskandidat for Arbeidarpartiet Ingrid Heggø.

Måndag var det Heggø sin tur i partiutspørjinga til NRK Sogn og Fjordane.

Utflytting av arbeidsplassar

Under utspørjinga vart Heggø konfrontert med tidlegare utsegner om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Di lengre eg sit på Stortinget, di mindre har eg lyst til å overføre, fordi vi misser kontrollen, og fordi det blir vanskelegare å måle gjennomføringsgraden.

Ingrid Heggø

– Det sa eg til Firda i eit intervju. Det eg meinte med det var at du vert meir og meir glad i å øyremerke fordi det kan ein følge opp på ein heilt annan måte, enn om du ikkje gjer det, seier Heggø.

– Kva fortel dette sitatet om din vilje til å flytte ut statlege arbeidsplassar?

– Eg er ikkje for å rykke opp heile fagmiljø for flytte dei ut i distrikta. Eg forstår at dei vil kjempe arbeidsplassane sine i Oslo også. Eg vil helst etablere nye statlege arbeidsplassar og direktorat i distrikta, seier Heggø i dag.