Hopp til innhold

PST: – Fins ikkje høgreekstreme miljø i Bergen og Hordaland

Politiets sikkerhetstjeneste (PST) meiner det ikkje fins høgreekstreme miljø i Bergen eller Hordaland.

Publiserte ideologisk manifest før terroranslag

PLANLAGT LENGE: Den terrorsikta etter angrepa i Oslo og Utøya har publisert eit 1500 sider langt manifest samt ein video på youtube med høgreekstreme haldningar.

Foto: Skjermdump fra YouTube

– Vår beste vurdering er at det per i dag ikkje fins noko høgreekstremt miljø i Bergen og Hordaland, seier fungerande politiinspektør i PST i Hordaland, Torstein Lund.

Han vil ikkje kommentera korleis dei kartleggjer eventuelle høgreekstreme miljø i fylket, men legg til grunn at PST har eit konstant fokus på moglege grupperingar.

– Strategien vår vil alltid vera å prøva å oppdaga dette tidleg, og soleis kunne førebyggja ei uønska utvikling, seier han.

Statsminister Jens Stoltenberg ser på skadene i regjeringskvartalet i Oslo

TERROR: Terrorangrepa i Oslo skal etter ugjerningsmannen sjølv vera høgreekstremt motivert. Her skodar statsminister Jens Stoltenberg på skadene i Regjeringskvartalet.

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Landsdekkjande risikovurdering

Politiinspektøren vil heller ikkje kommentera kor god oversikt PST har over eventuelle høgreekstreme miljø, men viser til den landsdekkjande risikovurderinga:

«De høyre- og venstreekstreme miljøene vil heller ikke i 2011 utgjøre en alvorlig trussel for det norske samfunnet. Høyreekstremister i Norge har i de siste årene vært lite aktive. Tendensen til økt aktivitet i 2010 forventes imidlertid å fortsette i år».

Les:
Slik skaffet han politiuniformen
– Kan bety livsvarig fengsel

– Riktig vurdering

Terror rammer Norge

LAND I SORG: Blomsterhavet framføre Domkirken i Oslo etter at fleire hundre tusen gjekk i rosetog til minne for terrorofrene.

Foto: Holm Morten / Scanpix

Tidlegare redaktør i det «antifascistiske» magasinet Monitor, Tor Bach, har fulgt det høgreekstreme miljøet i Noreg sidan 1991.

Han gjer PST i det store og det heile rett i at det ikkje fins slike miljø i Hordaland.

– Mitt synspunkt er at PST har ein vurdering som i all hovudsak er riktig, seier han, og viser til at det høgreekstreme miljøet har gjennomgått ei endring dei siste åra.

– Dei nazistiske miljøa har avgått med døden. Det tilseier at det me sit att med av høgreekstreme organsiasjonar, er islamfiendtlege grupper som er spreidd over heile landet og som ikkje stadsspesifikke, seier Bach.

Les:
Inspirert av islam-hatende blogger
Vil ha meir forskning på høgreekstreme

Nyttar internett

Den tidlegare redaktøren peiker også at dei høgreekstreme ikkje lenger er synlege i lokalmiljøa slik som tidlegare.

No nyttar dei i staden internett som samlingsstad.

– Det handlar om at ein har meir nasjonale grupper og nettverk som nyttar internett til å samlast på i staden for dei gamle nazistmijøa som gjerne var lokale og meir gjengprega grupperingar, seier Bach.

Støtte frå Sverige etter terrorangrepet

STØTTE: Menneske samla på Sergels torg i Stockholm då ofra for fredagen sitt terrorangrep i Oslo og på Utøya vart minna med eitt minutt stillheit over heile Norden. Ugjerninga skal vera høgreekstremt motivert.

Foto: Gunnar Lundmark / Scanpix