Hopp til innhold

– Fekk ikkje fiskeplassen han var lova

Jimmi Sørensen frå Danmark stod ved elva då han fekk beskjed om at han ikkje fekk den avtalte fisketida. – Dønn useriøst, seier leiar i Nausta elveeigarlag.

Jimmi Sørensen

UVENTA: – Ikkje ein gong i Danmark kan noko slikt skje, seier Jimmi Sørensen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Medan eg står nede ved elva ringer utleigaren og seier at ein kamerat frå Oslo kjem og vil fiske, så eg får ikkje fiske der likevel, seier Jimmi Sørensen frå København.

Han fekk ei trasig oppleving då han kom til Nausta for å fiske. Saman med familien var han på hyttetur i Hemsedal, då han bestemte seg for å reise på laksefiske.

Jimmi Sørensen fiskar i Nausta

NAUSTA: Sørensen hadde ein avtale om å leige sone 5 i Nausta i tre dagar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sørensen gjorde ein avtale med Atle Frøysland om å leige tre dagar i Nausta. Men då han kom til elva fekk han beskjed om at han berre kunne fiske i ein dag, fordi utleigaren hadde ein ven som kom for å fiske.

– Ikkje ein gong i Danmark kan noko slikt skje. Nordmenn er kjende for å vere hyggelege og ærlege menneske, og så møter ein dette, seier Sørensen.

Han er ein erfaren laksefiskar, og dreg til Norge kvart år for å fiske.

– Alle laksefiskar veit at ein ikkje kan lære ei elv å kjenne på ein dag. Ein må bruke nokre dagar, skal fange noko.

Trudde ikkje på det

– Eg trudde ikkje på det, så eg måtte kontakte nokon. Eg ringde og spurde om det kunne vere sant at ein av deira elveformidlarar behandla folk slik, seier Sørensen.

Jimmi Sørensen

ERFAREN LAKSEFISKAR: Jimmi Sørensen frå Danmark er ofte i Norge for å fiske.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Han ringde til Eiliv Erdal, leiar i Nausta elveeigarlag, som hjelpte han. Sørensen fekk fiske i Naustdalsfossen og fekk tilbod om å fiske gratis på Erdal sitt område.

– Han var fantastisk, men eg kan ikkje seie ja til å fiske gratis. Det er jo ikkje hans skuld at det vart slik.

– Negativt for fellesskapet

Eiliv Erdal er oppgitt over måten Sørensen vart behandla på, og trur slike hendingar kan skade omdømet til Nausta.

– Dette er ein dønn useriøs måte å handtere kundar på. Slike hendingar er svært negative for fellesskapet. Dei som kjem hit for å fiske skal ha gode opplevingar, slik at dei kjem att, seier han.

Då Erdal tok med seg Sørensen til Naustdalsfossen fekk han vite litt om bakgrunnen til laksefiskaren. Han seier at han vart gripen av historia hans.

Eiliv Erdal

OPPGITT: Eiliv Erdal ønskjer at folk skal ha gode opplevingar når dei kjem for å fiske i Nausta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Han fortalde meg at han akkurat hadde blitt frisk etter å ha vore alvorleg sjuk, og var på ferie med familien for fyrste gong etter det. Han hadde ei sterk historie, fortel Erdal.

Sørensen seier at dette var litt av grunnen til at han reiste til Naustdal åleine.

– Eg ville opp for å finne att noko lukke her, men det vart ei dårleg oppleving.

Kjenner seg ikkje att

Alte Frøysland driv FabelAktiv og formidlar fiske i Nausta. Han kjenner seg ikkje att i historia til Sørensen, og seier at språkvanskar gjorde det vanskeleg å kommunisere.

Atle Frøysland

UFORSTÅANDE: Formidlar Atle Frøysland kjenner seg ikkje att i historia til Jimmi Sørensen, og tykker saka er lei.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Han ringde og spurte om han kunne få fiske. Eg svara at alle sonene var utleigd, men for å vere snill sa eg at han kunne få fiske i ei sone som eg og ein kamerat har i lag, og som vi sjeldan leigar ut, hevdar Frøysland.

– Rett etter ringde kameraten min og sa at han var på veg for å fiske. Då ringde eg til Sørensen, som også var på veg, og fortalde dette, seier Frøysland, som seier at han har verdas beste samvit, men at han forstår at Sørensen er skuffa.

Frøysland stiller seg uforståande til kritikken frå Eilif Erdal.

– Eg har formidla fiske i ti år og ikkje fått kritikk før, seier han.