Hopp til innhold

– Feil lovtolking då Hole vart frikjent

Striden om kor vidt Bjarne Hole har grave i eit freda kulturminne eller ikkje har teke ei ny vending. No må Byrkjelo-mannen igjen møte i retten etter at Høgsterett har oppheva dommen i lagmannsretten der Hole vart frikjent.

Bjarne Henry Hole

MÅ I RETTEN IGJEN: Bjarne Hole vart i tingretten dømd til fengsel i 45 dagar på vilkår og ei bot på 40.000 kroner

Foto: Svein Heggheim, Firda

Dette vert tredje gongen bedriftseigaren må i retten. Han vart først dømd til fengsel og ei bot på 40.000 kroner i Fjordane tingrett. Hole anka og i oktober vart han frikjent av ein samrøystes Gulating lagmannsrett.

Men påtalemakta meinte retten hadde tolka lova feil og anka til Høgsterett. No har ankeutvalet altså behandla saka, oppheva dommen og sendt saka i retur med beskjed om at den må opp til ny behandling i lagmannsretten.

– Vi har fått ei avgjerd i Høgsterett som seier at lagmannsretten tolka lova feil, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim til NRK.

Ifølgje statsadvokaten skjer det ikkje ofte at Høgsterett opphevar samrøystes dommar i lagmannsretten.

– Har grave i sikringssona

Påtalemakta meiner Hole har grave ei fleire meter brei sjakt inn i ein freda busetnad frå eldre romartid delvis øydelagt kulturminnet. Hole på si side avviser dette, og seier han måtte grave sjakta for å hindre at det rann inn vatn i forretningseigedomen hans. Han meiner òg at området er feilregistrert.

Det er paragraf seks i kulturminnelova som er stridens kjerne og lovtolkinga av det påtalemakta meiner er graving i sikringssona. Lagmannsretten frikjende Hole fordi dei mellom anna meinte at politiet ikkje hadde klart å leggje fram dokumentasjon som kan bevise at det er ei formell sikringssone rundt kulturminnet der Hole har grave.

– Registrering av denne typen kulturminne medfører at det automatisk vert oppretta ei fem meter sikringssone rundt kulturminnet. Det er denne sikringssona vi meiner han har grave i, seier Thorn Nordheim.

Få saker

Ho er nøgd med at ankeutvalet til Høgsterett har lytta til argumenta hennar og at saka no kjem opp igjen til ny behandling.

– Det er viktig at dei få sakene vi har når det gjeld brot på kulturminnelova vert ståande som rette avgjerder. Dette gjeld ikkje berre sjølve lovtolkinga, men det er også viktig med tanke på Riksantikvaren sitt arbeid med kartlegging av kulturminne at vi får rett lovtolking.

Vil ikkje kommentere

– Betyr dette i praksis at Hole no kjem til å verte dømd?

– Det står att å sjå. Saka skal no behandlast på nytt, seier Thorn Nordheim.

Bjarne Hole ønskjer ikkje å kommentere saka, og viser til forsvararen, advokat Edmund Bolstad.

Forsvarar Bolstad har så langt ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.