Hopp til innhold

– Fanggjerdet må opp så raskt som råd

Det hastar med å få opp fanggjerdet over fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdalstangen.

Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes

NYTT RAS: Fredag kom det ned mellom 20 og 30 steinar ved Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 i Årdal.

Foto: Bjørn Indrebø / Statens vegvesen

Det seier byggherre Rune Dvergsdal i Statens vegvesen etter at det fredag kom ned meir stein frå fjellsida ved Finnsåstunnelen .

For vel to veker sidan kom det ned eit stor ras som stengde vegen i over ei veke.

– Det kan sjå ut som om steinane kom ovanfrå det førre raspunktet. Terrenget har endra seg så pass mykje at det er ikkje noko som tek imot det som kjem ned. Tidlegare stod det tre der, men dei forsvann i det større raset, seier Dvergsdal.

Skal spyle rasløpet

Ras Årdal - Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

STENGING: Byggherre Rune Dvergsdal fortel at det også denne veka blir same opnings- og stengetider for fylkesveg 53.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Raset fredag vart raskt rydda, men melding om mykje nedbør, kraftig vind og fare for nye fleire ras gjorde at vegen var stengd det meste av helga .

I dag tek ein spylebil til med spyling av nedste delen av raset. Tysdag skal eit helikopter spyle i fjellsida. Framleis blir vegen periodevis stengd, med tre opningstider på dagtid og gjennom natta.

Alternativ veg inn og ut av kommunen er fjellvegen til Tyin og E16 Filefjell.

– Det vil nok gå nokre dagar til før ein er ferdige med å rydde, men det avheng av vêret. I helga stengde vi grunna mykje nedbør. Det hadde vore mest gunstig med litt kulde, seier Dvergsdal.

70–100 meter gjerde

Spyling av fjellsida over fylkesveg 53

SPYLER: Den nedste delen av raset blir spylt måndag. Tysdag skal eit helikopter spyle i fjellsida.

Foto: Bjørn Indrebø / Statens vegvesen

Etter første raset vart det bestemt å setje opp eit 70–100 meter langt fanggjerdet. Leveringstida er normalt på kring seks veker, men Dvergsdal seier dei håpar å få gjerdet levert i dag.

– No må ein få reinska på oppsida av raset, og så få opp fanggjerdet så raskt som råd. Det står litt rydding att før vi kan byrje arbeidet under raspunktet, seier Dvergsdal.

– Er det fare for at det kan komme ned meir?

– Det er vanskeleg å seie. Det er berre berg der, men eg trur vi kan kjenne oss nokolunde trygge.

– Det sa de sist også?

– Ja, men det er eit veldig vanskeleg område. Skal vi stenge heilt, så hadde det ikkje blitt noko god situasjon for Årdal.