Hopp til innhold

– Ein reagerer med redsle

Nordfjordeid (NRK): I går kveld pågrep politiet tre unge menn som er siktet for å ha valdtatt ei ung jente i Nordfjordeid sentrum natt til søndag. Festivalsjefen er lei seg og trist.

Arnt-Ivar Naustdal - malakoff

TRIST: Festivalsjef for Malakoff, Arnt-Ivar Naustdal, seier det er trasig for alle partar at ei jente truleg har blitt valdteken i samband med festivalen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ein reagerer med redsle. Det er trist, og ein blir jo veldig lei seg. Det er trasig for alle partar og aller mest dei som er involverte, sjølvsagt, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Ei mindreårig jente har politimeld ei valdtekt i samband med arrangeringa av Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i Eid kommune i helga. Valdtekta skal ha skjedd natt til søndag utanfor festivalområdet.

– Tre menn under 20 år er pågrepet og siktet i saka. De vil bli avhøyrt i løpet av morgonkvisten, seier operasjonsleiar Kai Myklebust i Sogn og Fjordane politidistrikt til BT måndag morgon.

Har ikkje vore involverte

Festivalleiinga visste ingenting om hendinga før det kom ut i media, og dei veit framleis ikkje så mykje meir søndag kveld.

– Vi veit jo ikkje så mykje om kva som har skjedd, om det har skjedd og kor det har skjedd. Vi har eit godt samarbeid med politiet og vi har mykje politifolk både på festivalen og utanfor. Denne saka har vi ikkje vore involverte i, så dette er ei politisak på ei hending som har skjedd utanfor festivalområdet, seier Naustdal.

(Saka held fram under biletet)

Valdtekt på Nordfjordeid

ETTERFORSKAR: Politiet har heldt fram etterforskingane på Nordfjordeid utover kvelden søndag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Først opptur – så nedtur

Han seier dei no fokuserer på å hjelpe politiet med den informasjonen som eventuelt skulle vere ønskjeleg. Likevel vedgår han at det var ein stor nedtur med ei slik hending etter ei svært god festivalhelg.

– I dag tidleg fekk vi konstatert at tilbakemeldingane var gode, at vi har hatt 5000 ungdommar og at vi har hatt minimalt med ting som har skjedd. Vi var, og er framleis, nøgde med arrangementet og det som har skjedd innanfor vårt område, og då er det sjølvsagt veldig trasig at ei slik type sak oppstår i etterkant.

– Kan ikkje heilgardere seg

Tett samarbeid med politi og god tryggleik har vore høgt prioritert av festivalen heilt sidan oppstart i 2003. Naustdal hevdar at dei truleg er den festivalen i landet som har flest frivillige ordensvakter per publikummar.

– Det kjem vi til å halde fram med, men dessverre er det slik at ein ikkje er gardert mot at slike ting kan skje. Det er vi sjølvsagt veldig lei oss for, men først og fremst må ein ha fokus på å finne ut kva som har skjedd, og det skal vi gjere alt vi kan for å hjelpe til med, seier han.