Hopp til innhold

– Ein historisk augneblink i norsk fiskerihistorie

Tunfiskekspert ved Havforskingsinstituttet, Leif Nøttestad, meiner det lover godt for makrellstørjebestanden at den no er tilbake i norske farvatn.

Etter mange år med reguleringar, ser det no ut som om Makrellstørjebestanden er tilbake. I helga dro Tore Hillersøy 190 opp frå havet.

OVERFISKE: På grunn av overfiske i Middelhavet har makrellstørjebestanden vore låg, men dei siste åra har den fått ein oppsving.

Leif Nøttestad har ansvar for makrellstørje på Havforskningsinstituttet

KNALLHARD: Tunfiskekspert Leif Nøttestad fortel at det har vore ei knallhard forvalting av makrellstørjebestanden dei siste åra.

Foto: Havforskningsinstituttet

– Eg vart kjempeglad. Eg meiner dette er ein historisk augneblink i nyare norsk fiskerihistorie. Det er over 30 år sidan vi har fått fangstar av denne storleiken. Fangsten lover godt for bestanden, seier tunfiskekspert ved Havforskingsinstituttet Leif Nøttestad.

På grunn av overfiske i Middelhavet har makrellstørjebestanden vore låg. For ti år sidan vart det tatt grep og no er makrellstørja tilbake i norske farvatn. Nøttestad fortel at Noreg har ei rik historie innan makrellstørjefisket.

Sjølv om fisken er vel ombord er ikkje jobben over.

ENDELEG NAPP: Etter fleire år med jakt fekk Tore Hillersøy og mannskapet ein eventyrleg fangst med seg heim denne helga.

Foto: Truls Kleiven

– Det har vore enorme opp- og nedturar. På femti og sekstitalet var nær 400 båtar involvert i makrellstørjefisket langs norskekysten. Så har det vore eit stort overfiske på ungfisk i Middelhavet og for ti år sidan såg det svart ut. No ser vi ei betring, og det kan Tore Hillersøy krone med ein eventyrleg fangst.

Knallhard forvalting

Dei siste åra har den internasjonale forvaltinga av makrellstørjebestanden blitt betydeleg hardare. Noreg ligg heilt i utkanten av utbreiinga til makrellstørja og Nøttestad meiner at det at den no er tilbake er godt nytt for bestanden.

– Når bestanden er stor så treng den meir plass, då kjem den til slutt hit. Noreg har ein så liten del av den internasjonale kvoten at vi ikkje kan bidra til noko overfiske. Så lenge ein held fram med den knallharde forvaltinga ein har hatt dei siste åra så trur eg dette skal gå bra. Eg trur vi har lært av den dårlege utviklinga ein hadde fram til midten av 2000-talet.

Makrellstørje blir tatt i land i Florø.

SLIK: Slik lossar mannskapet på Hillersøy makrellstørjene.

Mykje fisk

Tore Hillersøy er kaptein på skuta.

USIKKER: Tore Hillersøy er usikker på kva pris han og mannskapet kan vente seg for makrellstørjene.

Foto: Truls Kleiven

Det var Tore Hillersøy og mannskapet som i helga drog opp 190 fiskar frå havet utanfor Sunnmøre. Han er klar på at det er meir makrellstørje å hente langs norskekysten.

– Berre på det vesle området vi har segla så har vi sett meir fisk enn eg nokon gong har sett tidlegare. Nokon truga bestand er det ikkje snakk om her, det er berre sprøyt.

Etter at Hillersøy og mannskapet drog inn den enorme fangsten har mange spekulert i kva pris dei kan vente seg. Sjølv tonar han spørsmålet ned.

– Dette har vi ikkje peiling på korleis vil utvikle seg. Eg veit berre at det ikkje er nokon overdådig pris i Spania. Vi må no berre ta det vi får, vi må jo selje fisken vår.