I dag vart det kjent at Jon Bolstad sluttar som administrerande direktør i Helse Førde etter snart 13 år i helseføretaket. Han blir no toppsjef i Sjukehusapoteka Vest.
– Vi tenker at dette er ei klok avgjerd som vil vere bra for Helse Førde.
Det seier legetillitsvald Hans Jacob Westby i Overlegeforeininga til NRK.
I april gjekk dei legetillitsvalde ut og varsla at dei ikkje lenger hadde tillit til toppsjefen. Dei kravde «radikale endringar» i toppleiinga for at tilliten kunne atterreisast.
Dette kom på toppen av ei lang tid med uro og mistillit, som starta på seinsommaren 2016.
BAKGRUNN: Her er alt om bråket i Helse Førde
Inn i nytt spor
Westby trur helseføretaket kan kome inn på eit nytt spor i høve omstillinga og samarbeid.
– Men årsaka til tillitskrisa er større enn Jon Bolstad. Det er framleis utfordringar i Helse Førde. Vi synest endringar i leiinga er eit godt signal om at styret og resten av føretaksleiinga har eit ønske om endringar og betre samarbeid.
– No har det fått dei «radikale endringane» de bad om?
– Vi sette fingeren på to ting. Det eine var den direkte mistilliten særleg i leiarlinene til administrerande direktør. Den andre er ukulturen der folk er redde for å vere usamde og seie ifrå om kritikkverdige høve. Det er framleis ei utfordring.
– Korleis tykkjer de at styret har handtert saka?
– Vi har sagt at vi er skuffa over at styret ikkje tok tak i dette tidlegare. Vi meiner styret har noko å lære av denne prosessen og at det må gjerast ein del forbetringsarbeid i korleis styret arbeider.
– Kva med styreleiar Agnes Landstad si handtering?
– Ho var vel forsøkt etter beste emne å balansere mellom ein organisasjon i krise og ein administrerande direktør. Men signala vi gav ho, har ho ikkje følgt opp.
– Har de tillit til styreleiar og styret?
– Ny administrerande direktør gir håp om ein ny start.
Usikker om tillit
Tillitsvald i Yngre Legars Foreining, Torgeir Folkestad, meiner derimot Bolstad sin avgang ikkje er formidlande overfor måten styret har handtert saka på.
– Dette er sak vi vil vurdere å følge opp. Styreleiar Landstad er nøydd til å komme med ei utsegn i høve styrehandsaminga, seier Folkestad.
– Har de tillit til henne?
– Det ynskjer eg ikkje kommentere no.
Styreleiar Agnes Landstad trur at uroa i føretaket er ein av årsakene til at Jon Bolstad sluttar.
– Eg har stor respekt for at Bolstad har søkt nye utfordringar. Han er ein hardtarbeidande leiar. Med han har Helse Førde oppnådd gode resultat på mange felt.
– Korleis vil han bli hugsa?
–Bolstad blir hugsa som ein som leia helseføretaket gjennom store utviklingar. I dag har vi ei god spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane.
– Bolstad har stått i mange stormar og gjennomført endringar som i ettertid har vist seg å vere gode, seier Landstad.
- ANALYSE: Brevet som slår ned som ei bombe