Hopp til innhold

– Eg måtte snu meg to gonger

Frederik Fossum frå Kristiansand fekk seg ei overrasking då ein ambulanse frå Helse Førde plutseleg køyrde forbi han i Albania.

Norsk ambulanse i Albania

MÅTTE SNU SEG TO GONGER: Det var noko som ikkje heilt stemte då Fredrik Fossum såg denne ambulansen i Albania. Kun 113-nummeret var forsøkt fjerna.

Foto: Fredrik Fossum

Fossum var på biltur frå Montenegro til Albania då han fekk auge på ambulansen frå heimlandet.

– Den kom og parkerte rett ved sida av meg. Eg måtte snu meg to gonger, for den var heilt komplett, det var berre 113-nummeret som var delvis fjerna, seier Fossum.

Han arbeider på sjukehuset i Kristiansand, og veit korleis ambulansane skal sjå ut. Han reagerte på at sjåføren ikkje hadde på seg noko som likna på ambulanseklede.

Etter at han delte biletet på Instagram, fekk svar frå ein som tidlegare var abulansesjåfør som meinte den kunne ha blitt donert til Albania. Der skal han leve pensjonistlivet i teneste for ein humanitær organisasjon.

Likar det ikkje

Det er meininga at bilen skal bli kledd i nye klede før han tar fatt på tenesta. Det er viktig for den tidlegare arbeidsgjevaren, Helse Førde. Dei vil helst ikkje sjå bilane deira i sine gamle arbeidsklede.

– Sidan det no er andre eigarar, er det mest ryddig at merka våre blir fjerna. Det er meininga at bilane skal avmerkast når dei blir selt, men vi vart kjend med at det ikkje har skjedd med denne bilen, seier Vidar Steen i ambulanse- og medisinsk naudmeldeteneste i Sogn og Fjordane.

Dei likte dårleg å sjå bilete av Helse Førde-merka i Sør-Europa.

– Det var ikkje i tråd med avtala vi hadde, så då måtte vi gi dei beskjed om å fjerne merkene våre.

Også Gjermund Flage frå Hyllestad oppdaga ei norsk ambulanse på ferie i sommar.

I slutten av juli var han på ferie i Tirana i Albania då han kom over bilen frå Helse Førde.

– Eg gjekk i ei gate saman med fleire frå Førde. Plutseleg dukka den opp. Eg trur alle blei litt overraska, men det var eigentleg mest morosamt, seier Flage.

ambulanse

PENSJONISTLIV I ALBANIA: Også denne gamle ambulansen frå Helse Førde lev pensjonistlivet i Tirana i Albania.

Foto: Gjermund Flage

Gjenbruk

Steen er glad for at ambulansane til Helse Førde kan halde fram med det viktige arbeidet – òg som pensjonistar.

– Det er positivt at andre kan dra nytte av våre køyretøy og at bilane våre kan hjelpe folk i andre land når vi ikkje kan bruke dei lenger.

Dei byttar ut bilane kvart år eller annakvart år, avhengig av kor mykje dei har blitt brukt.

– Av og til bruker vi eldre bilar som teknisk reserve, så vi prøver å få til litt gjenbruk på dei bilane vi har, seier Steen.