Hopp til innhold

– Eg legg meg ikkje ut i skauen åleine

Alle ordførarane i heile landet er blitt utfordra til å overnatte ute ei natt i januar. Ordførar Arve Helle i Fjaler sa sporenstreks ja, men er litt usikker på kva utfordringa faktisk inneber.

Arve Helle

ALDRI I TVIL: Utfordringa om å overnatte ute var han aldri i tvil om at han skulle seie ja til, men ordføraren i Fjaler, Arve Helle (Ap), er skeptisk til å ligge i skogen åleine.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg må alliere meg med nokon. Det hadde vore greitt å overnatte i sentrum ein stad. Skal eg ligge ute i skogen, åleine under open himmel, då får eg ikkje sove eitt sekund, seier Arve Helle (Ap).

Han er ein av fleire ordførarar som allereie har takka ja til utfordringa frå Den Norske Turistforening om å sparke i gang Friluftsåret 2015 med ei overnatting ute 13.–14. januar.

Mange politikarar er utfordra. Mellom anna har kulturminister Thorhild Widvey (H) og klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) sagt ja. Det er sistnemnde som sende ballen vidare til alle ordførarane i landet.

Eg har vel eit tomannstelt, forresten, men det er fem år gamal og ligg framleis i uprøvd

Arve Helle, ordførar i Fjaler

Skal få folk ut i naturen

I Sogn og Fjordane har mellom anna ordførarane i Fjaler, Askvoll, Gulen og Jølster sagt ja. Sjølv om Helle er usikker på kvar han skal legge seg natta i januar, så var det enkelt å seie ja til utfordringa.

– Eg likar meg godt på fjellet og går mykje tur og er på hytta, men eg føretrekker å ligge der heller enn i telt. Eg har vel eit tomannstelt forresten, men det er fem år gamal og ligg framleis uprøvd, fortel ordføraren lattermildt.

Målet er å få flest mogleg til å overnatte ute den natta. Om det er på verandaen, i hagen, i skogen eller på fjellet er ikkje så nøye.

– Målet er å få auka merksemd og deltaking på turar og arrangement. I løpet av året skal også årets friluftskommune kårast. Då er det viktig at kommunane vektlegg helse og friluftsliv og får innbyggjarane til å bruke naturen til leik, læring og aktivitet, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit.

– Hadde ikkje noko anna val

Mathias Råheim

FRIVILLIG TVANG: Ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H), må også leite fram soveposen i januar, etter at han har sagt at han tek utfordringa.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det er dei lokale turlaga som har teke stafettpinnen vidare og prøve å utøve meir eller mindre press på ordførarane til å pakke soveposen i januar og kome seg ut. Dei fleste er nok enkle å be om ein lokkar med dei rette midlane.

– Det blir overnatting i telt. Eg er lova kakao og dei ville stelle godt med meg, så eg står det vel av, seier ordførar Mathias Råheim (H) i Gaular.

Utfordringa fekk han på Facebook, og då vart det vanskeleg å seie nei.

– Eg hadde nesten gløymt at eg har sagt ja no, men det blir nok kjekt, seier Råheim.

Gler seg

Ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll gler seg også til å pakke snippsekken i januar.

– Eg syns turlaget lokalt gjer ein veldig god jobb. Om eg kan bidra til å sette fokus på friluftsliv gjennom dette her, så gjer eg gjerne det, fortel Melvær.

Ho har fått forsikringar om at ho slepp å vere ute i skogen åleine, men det er ikkje fastlagt kva turlaget har tenkt. Kva som ventar Arve Helle i nabokommunen veit han heller ikkje.

– Vi vil nok overleve ei natt ute samtlege av oss, trur Fjaler-ordføraren.