Hopp til innhold

– Eg kom rundt svingen og såg den før det smalt

GAULAR (NRK): Anne Grete Berg Alværen hadde to døtrer i bilen, då hjorten plutseleg stod i vegbana og kollisjonen var uunngåeleg.

Anne Grete Berg Alværen

SKUMMELT: Anne Grete Berg Alværen er ekstra påpasseleg kvar gong ho køyrer på denne vegstrekninga mellom Sande og Langeland på E39, etter at ho fekk eit ublidt møte med ein hjort i desember.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Berre i år er nær 100 hjort påkøyrde, berre i Sogn og Fjordane. Mange køyrer med hjarta i halsen langs Vestlandsvegane.

– Det skjedde utruleg fort. Eg kom rundt svingen og såg den før det smalt, men eg hadde ikkje tid til å reagera. Det skjedde så utruleg fort, seier Anne Grete Berg Alværen.

NRK møter ho på E39, mellom Sande og Langeland der ulukka skjedde. Ho fortel at ho tenker på det som skjedde kvar gong ho køyrer på strekninga.

Heldigvis gjekk det bra med alle tre i bilen. Den det gjekk hardast utover var bilen, som fekk skader for 23.000 kroner. Men det vanskelegaste for Anne Grete i ettertid var spørsmålet om korleis det gjekk med hjorten.

Hunder lukter skadeomfang

Hittil i år har 97 hjort blitt påkøyrd på vegane berre i Sogn og Fjordane. Dagleg kjem det meldingar om nye samanstøyt mellom hjort og køyretøy. Ofte spring hjorten rett til skogs etter ulukka.

– Eg tenkte mykje på korleis det gjekk med hjorten. Det er eit liv, så det vert jo til at ein tenker på korleis det går med den. For med oss i bilen gjekk det veldig bra, seier Berg Alværen.

I dette tilfellet gjekk det bra med både førar og hjort. Svein Oddvar Sæterlid er leiar for sporhundsgruppa i Gaular og han gav Anne Grete tilbakemelding om at det gjekk fint med hjorten.

Svein Oddvar Sæterlid

SPORAR HJORTEN: Svein Oddvar Sæterlid er leiar for sporhundsgruppa i Gaular og har vore ute seks-sju gonger i år for å søke etter hjort som har blitt påkøyrd og sprunge til skogs.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Vi er ikkje plikta til å fortelje føraren korleis det gjekk med hjorten, men i hennar tilfelle gav han som var ute å leita tilbakemelding at hjorten hadde fått seg ein smell, men at det gjekk fint, seier Sæterlid.

For det er ikkje alltid dei finn att hjort som fyk til skogs, men då har leitemannskapa eit hemmeleg våpen. Luktesansen til hunden.

– Hjorten har ein kjertel på bakbeina som skill ut adrenalin. Jo meir skade den er, jo meir adrenalin slepp den ut. Ut ifrå det kan hunden lukte seg fram kor skadd hjorten er, seier Sæterlid.

– Sikringa er ikkje god nok

Fleire plassar er det sett opp gjerde for å hindre hjorten i å kryssa vegen, utan at talet på drepne hjort har gått ned.

– Sikringa er ikkje god nok. Hjorten må kryssa vegen, så ein kan ikkje sette opp gjerde overalt. Det er ikkje mogeleg å få faren heilt vekk, men om ein til dømes hadde tynna ut skogen litt i vegkanten kunne det hjelpt, seier Sæterlid.

Død hjort

VANLEG SYN: Påkøyrd hjort i vegbana har blitt eit vanleg syn på Vestlandet. (Arkivfoto)

Foto: Hellevik, Unni / NTB scanpix