Hopp til innhold

– Eg er villig til å ofre mykje, så lenge det ikkje går ut over andre

Bjarte de Presno Borthen sjonglerer russetid og plateslepp. – Spør du meg, klarar eg å balansere det. Spør du far min, vil han seie at eg drit litt i skule.

Bjarte de Presno Borthen kombinerer artistliv og russefeiring.

I går fekk han vite at han skal spele på Bergensfest 12. juni, og snart slepper han sin fyrste singel.

Bjarte de Presno Borthen

Bjarte de Presno Borthen

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Eg speler gitar kvar dag. Fleire timar om dagen. Eg forsvinn inn i mi eiga boble, og får ikkje med meg noko av det som skjer rundt om kring. Då har eg det veldig bra, då er eg i min eigen verd der alt er fint og bra.

Bjarte de Presno Borthen er russ i år, men det har blitt lita tid til feiring. Og til skulearbeid.

– Spør du meg klarar eg å balansere det. Spør du far min, vil han seie at eg drit litt i skule. Men der får me heller vere ueinige. Så lenger det ikkje går ut over andre enn meg sjølv, er eg villig til å ofre ganske mykje, seier han.

Møt Bjarte de Presno Borthen i videoen øvst i artikkelen.