Hopp til innhold

– Du har så fine auge

Det blei mykje latter og god stemning då brasilianske Rosa Amundsen blei intervjua under Tour des Fjords i dag.

Slik gjekk det då reporter Arve Uglum interjvua Rosa Amundsen.

FINE AUGE: Sjå møtet mellom brasilianske Rosa og ein NRK-reporter som vart litt sett ut.

Rosa hadde stilt seg opp langs løypa til sykkelløpet Tour des Fjords på Vassenden i Jølster. Der blei ho intervjua av reporter Arve Uglum, og svarte på eit par spørsmål, før ho brått braut ut:

– Du har så fine auge. Eg blir heilt ukonsentrert.

Rosa Amundsen

DRIV FOTKLINIKK: Rosa Amundsen bur på Vassenden.

Foto: privat

Reporter Uglum mista sjølv munn og mæle ein liten augneblink.

– Eg oppfatta det slik at ho ikkje var så vant med å bli intervjua, så eg prøvde å halde ein god tone for at ho skulle slappe av. Men eg må vedgå at då ho sa at eg hadde fine auge, då tenkte eg: Kva seier eg no? Ho hadde forresten fine auge, ho og.

– Uredd type

Rosa Amundsen

KLEDD FOR SAMBA: Rosa Amundsen seier ho elskar fest.

Foto: privat

Rosa Amundsen, som opphavleg er frå Brasil, seier at ho vanlegvis slett ikkje er ein sky type.

– Eg har jobba som dansar og er vant med å bli filma og tatt bilete av. Det var berre så vanskeleg å forstå dialekten til han som intervjua meg, seier Amundsen.

– Men han var veldig kjekk då, legg og til og ler godt.

Rosa fortel at ho elskar fest, og at ho var i godt humør og litt ufokusert då ho blei intervjua. Sjølv om intervjuet stoppa litt opp synest ho det var morosamt å bli intervjua.

Ho driv Vassenden Fotpleie, Clinique Rosa, og synest det var flott med litt folkeliv rundt sykkelrittet.