Hopp til innhold

PST: Somalisk kvinne blei rekruttert til IS då ho budde i Nordfjord

PST meiner at den somaliske kvinna blei rekruttert til IS etter at ho hadde vore på asylmottak i Årdal og seinare busett i Nordfjord. Sjølv er kvinna heilt avvisande til terror-tiltalen.

Syria Race Against The Islamic State

SYRIA: Bilete av IS-krigarar frå mai i fjor.

Foto: Uncredited / AP

Den somaliske statsborgaren er den fyrste kvinna som blir terrortiltalt i Noreg. Det kunne NRK fortelje denne veka. 31-åringen seier ho er uskuldig.

Kvinna innvandra til Noreg i 2013, og kom til nordfjordbygda i oktober 2015, etter fyrst å ha budd ved asylmottaket i Årdal. Ho vart busett av kommunen, og har budd i kommunalt husvære fram til ho vart arrestert.

I fylgje tiltalen skal kvinna frå sommaren 2016 ha delteke i terrororganisasjonen Den islamske stat i Irak og Levanten (ISIL).

Ho skal frå den kommunale bustaden sin hatt kontakt med fleire personar i Syria, Storbritannia og Sudan, og delteke i fora på nett som publiserte propaganda for IS.

– Ho er heilt avvisande til tiltalen, og nektar for planar om la seg rekruttere til IS, eller at ho ville til IS-land, seier advokat Steingrim Wolland som forsvarar kvinna.

Wolland meiner det finst pussige ting i tiltalen. Som til dømes korrektur av propaganda.

– Det er ikkje opplagt straffbart, seier Wolland.

Wolland seier kvinna er usamd i tiltalen om pengeoverføringar til terroristar.

– Ville gifte seg med IS-krigar

Hausten 2017 reiste kvinna frå Nordfjord for å kome seg til IS-område i Syria, i fylgje tiltalen.

Kvinna ville gifte seg med ein IS-krigar som hadde søkt om innreiseløyve for ho.

Verken politi eller forsvarar mistenker at ho har samarbeida med andre i Nordfjord.

– Nei, vi har ikkje mistanke. Vi har avhøyrt personar i kretsen rundt tiltalte også i Nordfjord, seier statsadvokat Marit Formo.

– Det er ingen i miljøet i Nordfjord som har oppfatta ho som radikalisert, eller påfallande religiøs, seier Steingrim Wolland.

Etter det NRK kjenner til har ho ikkje familie i bygda.

En motorsyklist foran ruiner i byen Douma

SYRIA: Byar er øydelagde etter krigen i landet.

Foto: Hassan Ammar / AP

Kvinna vart til slutt arrestert i Italia, frakta tilbake til Noreg og sett i varetekt. Der har ho vore sidan fjor haust.

– Skal ha spreidd propaganda

I fylgje tiltalen spreidde ho IS-propaganda, las korrektur på propagandatekstar, og sende meldingar med valdeleg jihadistisk innhald til ein person tilknytt IS. Ho skal også ha oppretta fiktive brukarkontoar i sosiale medium.

I februar 2018 formidla ho kontakt for ein person som ville til Syria frå Storbritannia for å slutte seg til IS. Mannen vart pågripen i London.

Det var då britisk politi kom på sporet av kvinna.

– PST vart kjent med saka då britisk politi etterforska saka, seier Formo.

Den 31-år gamle kvinna skal også ved fire høve ha overført mindre pengesummar til tre personar knytt til terrorgruppa.

NRK har tidlegare omtala ei bombeoppskrift på kvinna sin telefon, samt instruks til å lage eksplosiv på sitt eige kjøken.