Hopp til innhold

– Dramatisk for landbruket i Vestland

Inntekta til mjølkebonden går nedover, noko som er dramtisk. Det meiner Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag. – Mjølkeproduksjonen står for halvparten av verdiskapinga frå jordbruket i Vestland. Når denne produksjonen får kraftig fall i inntektene, påverkar det framtidsutsiktene for ei heil næring som også står framfor store investeringar ved overgangen frå båsfjøs til lausdrift, seier ho i ei pressemelding. Bakgrunnen for uroa er tala frå budsjettnemnda. – Tala syner også at samla inntektsvekst for jordbruket i 2023 er lågare enn forventa, og det er samla ingen reell inntektsvekst, seier Agjeld.

Gry Ingvild Agjeld
Foto: Privat