Hopp til innhold

– Dette var ein vill reportasjeidé

Idéen om å lage akkurat denne reportasjen, har Halvor Folgerø hatt i mange år.

Halvor Folgerø fortel om idéen bak reportasjen.

Fotograf Christian Kråkenes og journalist Halvor Folgerø fortel korleis vegen vart ein reportasje.

Som reisereporter for NRK Hordaland gjekk Halvor Folgerø guida tur på nordsida av Åkrafjorden. Der går det ingen bilveg, berre smale stiar, og små kjerrevegar på enkelte strekk mellom gardane. Dette var sommaren 2009.

– Då vi gjekk på desse gamle stiane, dukka det opp noko uventa. Midt i tjukkaste skogen, mellom gardane Bjelland og Eintveit, låg ei stor, solid betongbru, med god passering for to bilar. Guiden kunne fortelje at brua blei bygd den gongen folket på nordsida drøymde om å få veg, fortel Folgerø.

Brua fortel om ein framtidsdraum

Min første tanke var at dette var ein god historie, som fortente eit større publikum.

Halvor Folgerø

I 1958 blei det løyvt pengar til å bygge ei bru over elva her, og då bestemte Statens vegvesen at brua skulle dimensjonerast med tanke på ein framtidig bilveg. Ho blei påbegynt i 1958, og tok fire år å bygge. Men då brua stod ferdig, var det slutt på pengane. Og dessutan byrja folk å flytte frå gardane på nordsida. Litt etter litt forvitra argumentet for å bygge bilveg, og brua blei ståande att som eit monument over ein gammal draum. Ein draum som aldri blei fullført.

TILBAKE TIL HOVUDSAKA: Ei 52 år forseinka bruopning

Sidan reportasjeturen for 5 år sidan, har journalisten gått med brua i tankane, og med håpet om å ein dag kunna laga reportasjen, vise at brua toler ein bil, helst to.

Eg blei fascinert over det absurde i historien, og det merkverdige synet. Denne svære brua, som dukkar opp ut av ingenting,

Halvor Folgerø

– Eg blei fascinert over det absurde i historia, og det merkverdige synet. Denne svære brua, som dukkar opp ut av ingenting, Den fortel mykje om folk sine framtidsdraumar, og seier samtidig noko om endringar i det norske samfunnet på den tida. På 60-talet fekk fleire folk bilar, og mange flytte frå tungdrivne og veglause plassar som dette.

– Fortente eit større publikum

– Min første tanke var at dette var ein god historie, som fortente eit større publikum. Det var berre eitt problem: skulle vi filme brua, måtte vi jo ha bilar med, for å få vist kva ho eigentleg var bygd for. Og skal ein frakte bilar dit, må ein fly dei bort med helikopter. Slikt er kostbart, så eg våga ikkje eingong foreslå det. Men då prosjektet om ville og luftige idear kom opp, tenkte eg at no er tida inne.

– Heldigvis har eg sjefar med sans for humor og gode historier. Og dermed fekk eg føle meg som James Bond-regissør i Åkrafjorden for ein dag, seier Folgerø, som hadde med fotograf Christian Kråkenes på saka.

Halvor Folgerø

FRYKTA VINDEN: Vêrmeldinga var ikkje bra, men det gjekk bra å få bilane flydd over fjorden til brua.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

– Men det var meir nervepirrande enn eg strengt tatt hadde godt av. Dagen før, då vi stod reiseklare i Bergen, ringde helikopterpiloten. Han hadde sjekka vêrmeldingane, og dei såg alt anna enn bra ut. Om vinden blei like kraftig som meldingane tilsa, ville det bli uråd å fly. Ei stund var eg sikker på at det kom til å gå i vasken. Men vi hadde flaks. Og synet av den første bilen som kom dinglande ned mellom tretoppane, kjem eg aldri til å gløyme, seier Halvor Folgerø.