Hopp til innhold

– Dette må vere tidenes jobbsøknad

– Eg heldt på å le meg splint i hel. Det vart berre verre og verre, skrattar Gry Leite på Værlandet om jobbsøknaden som dumpa ned i postkassen.

Gry Leite

TILSETTE: Gry Leite, som driv Værlandet Gjestehamn, såg ingen annan utveg enn å tilsetje Marius Gjøstein. Arkivfoto.

Foto: Arvid Fimreite

For mannen på jobbfriarferd, sambygdingen Marius Gjøstein (25 vintrar og 26 somrar gamal), skrytte av både det eine og det andre i søknaden til Værlandet Gjestehamn.

Han kan både pluss og minus, litt flytande norsk, har eit godt utvikla pokerfjes, og berre fem tommeltottar.

  • LES HEILE SØKNADEN NEDST I SAKA.

– Elles har eg anleggsmaskinførar sertifisering, so dersom da skal kostast golv, brukast spade og liknande trur eg da ska la seg gjere på ein god dag i medvind, skriv han.

Raskare enn Lucky Luke

På toppen av dette har han endåtil vore to-tre gonger til by'n – med andre ord ein litt vidfaren værlending. Sidan ferjene ville det slik, kom Gjøstein raskare enn Lucky Lukes eigen skygge, som han skriv i søknaden, til eit jobbintervju.

– Kva ... eh ... kvalitetar var det du såg deg mest nytte i hos jobbsøkjaren?

– Skal vi sjå. Pokerfjes kan vere viktig å ha i ein slik jobb. Og dersom det skulle bli medvind så blir det stort for maskinførarbeviset, storskrattar Leite.

Vart tilsett

Før ho blir litt meir alvorleg – og legg til at ho kjenner godt til «denne karen» – og kanskje burde venta søknad av ein slik art. Ho kjenner også til at han, heilt seriøst, har bra med jobberfaring.

Søknaden om sommarjobb kom utan at ho hadde lyst ut stilling. Gjøstein hadde «høyrt jete» om moglege stillingar.

– Eg hadde vel rekna med at han kom og spurte meg, men så kom denne søknaden. Han er tilsett. Det går jo ikkje an å gjere noko anna, seier Leite og bryt ut i ny latter.

Bur i Portveien 2

– Men det er viktig med ein humørspreiar på ein arbeidsplass. Kjempeviktig, seier ho, på nytt litt meir alvorleg, og meiner det var liten risiko i å tilsette Gjøstein. Som ifølgje søknaden bur i «Portveien 2, 6986 Ront om nåvinje».

Etter at Leite la søknaden ut på Facebook, etter Gjøstein sitt samtykke, har den «spreidd seg som eld i tørt gras».

– Og no er det andre som vil ha han i jobb. Eg må vere om meg om å få signaturen på kontrakten. Håper ingen stikk av med han, ler ho.

Vil bli eigedomsmeklar

Marius Gjøstein.

SØKJAR: Marius Gjøstein prøvde seg på eit sprell – og lukkast.

Foto: Privat

Gjøstein, som i dag er student ved privatgymnaset Sonans i Bergen, tykkjer at det har blitt litt mykje styr kring søknaden. Han seier også at ein slik søknad ville han aldri sendt til ein arbeidsgjevar han ikkje kjende så godt som Leite.

I alle fall blir det ikkje slike søknader han sender når han er ferdig utdanna eigedomsmeklar.

– Det skulle vere litt moro. Ein må ha det litt moro. Men det blir nok ikkje slike søknader eg sender ifrå meg når eg skal søkje jobb som eigedomsmeklar, humrar han.

– Gjekk rett heim

– Eg rekna det ikkje som noko kjempefare å prøve med humor, men må jo seie at det har teke litt meir av enn eg tenkte. Eg hadde aldri rekna med så mykje oppstyr, seier han.

Leite er usikker på om ho vil rå andre jobbsøkjarar til å skrive liknande søknader.

– Får du mange jobbsøknader, så hugsar du i alle fall ein slik. Det skil seg ut i mengda. Her funka det i alle fall godt. Den gjekk rett heim, men eg veit ikkje om eg vil anbefale ein slik mal til ukjende arbeidsgjevarar, humrar Leite.

Tidenes jobbsøknad frå Marius Gjøstein.

TIDENES: Er dette tidenes jobbsøknad?

Foto: Privat