– Det er aldri kjekt å ikkje få spele. Men no gjer laget det bra, og vi vinn stort sett heile tida. Då er det vanskeleg å få moglegheita, seier Even Hovland.
Han opplever for tida den kanskje lengste samanhengande perioden i karrieren utan speletid: Dei første elleve kampane av sesongen spelte han samtlege minutt for Nürnberg i 2. Bundesliga – deretter har han varma benken for tyskarane i 13 kampar på rad.
Sidan oktober har han berre fått 32 minutt som innbytar.
– Eg må berre trene og vere klar når moglegheita kjem. For før eller seinare kjem den med skadar og karantene på dei andre, seier Hovland.
- Les også:
Må vurdere alternativ om ting ikkje snur
Etter ein rufsete start på sesongen har Nürnberg blanda seg inn i opprykkskampen på nest høgste nivå i Tyskland. Klubben ligg på tredjeplass, tre poeng bak Freiburg på plassen framfor. Og med eit lag i flyt, er det tyngre å spele seg inn i førsteellevaren.
– Eg er aldri nøgd når eg ikkje spelar. Men det er vanskeleg å forlange noko når laget gjer det så bra. Eg må berre vere tolmodig, seier Hovland.
– Kor lenge kan du ha det slik?
– Det viktigaste er at laget vinn, og at vi kjempar om opprykk til Bundesliga. Eg må berre vere tolmodig og vente. Så får eg heller vurdere andre ting om det ikkje skulle snu, seier midtstopparen.
- Les også:
– Per dags dato har eg ikkje vore inne på tankar om noko som helst anna. Eg har fokus på opprykk, og håpar å få sjansen ein av dei neste kampane, seier Hovland.
PÅ LANDSLAGET: Even Hovland (t.v.) har vore ein klippe på det norske landslaget saman med stopparmakker Vegard Forren (midten).
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpixKan ikkje vere sikker på landslagsplassen
Nürnberg møter fredag kveld Kaiserslautern – eit oppgjer heimelaget er favorittar til å vinne. Etter kampen er det ni kampar igjen å spele. Hovland er trygg på at han kjem til å få sjansen. Før eller seinare.
– Det er slik vi fotballspelarar har det. Om vi ikkje spelar, er det ikkje like kjekt – men elles er det topp. Dette må eg berre takle, seier han.
Han har vore fast inventar på det norske landslaget den siste tida. I slutten av månaden ventar kampane mot Estland og Finland. Men Hovland vil ikkje ta eit landslagsuttak på forskot slik situasjonen er no.
- Les også:
– Klart at dersom eg ikkje spelar på klubblaget, blir det vanskelegare der også. Men det får eg ta når den tida kjem. Eg må berre konsentrere meg om å komme inn att på laget i Nürnberg.